Fraa Kleven til Teige Rederi
HERØY: Ole Kristensen (t.v.) går frå Kleven Verft og vert prosjektleiar for fiskebåtreiar Sigurd Teige.
Nytt

Frå Kleven til Teige Rederi

Etter 28 år ved Kleven Verft, vert no Ole Christensen prosjektleiar for Herøy-baserte Teige Rederi.

21.01.2020
Ole Kristensen er busett i Ulsteinvik, og har dei siste 28 åra jobba hos Kleven Verft i ulike posisjonar innan prosjektleiing, teknisk og sal. Dei siste 15 åra har han også vore del av toppleiinga og kontraheringsgruppa til skipsbyggingskonsernet.
No vert Kristensen prosjektleiar for Teige Rederi som har under bygging den kombinerte ringnotsnurparen/trålaren Sunny Lady hos Cemre i Tyrkia.

Skal følgje opp Sunny Lady

I ei pressemelding seier reiar Sigurd Teige i Teige Rederi seg godt nøgd med å få Kristensen med på laget.
- Det er svært gledeleg for oss at Ole ville ta på seg rolla som teknisk prosjektleiar i byggjeprosessen omkring Sunny Lady. Med hans bakgrunn og erfaring kjenner eg meg svært trygg på Ole vil leie nybyggprosjektet med stø hand heile byggjeperioda fram til ferdigstilling.
- Ole er allereide i full sving på Westinghuset, og det er svært berikande å kunne jobbe saman i eit tverrfagleg team med så mykje erfaring, seier Teige.
Ole Kristensen har også meir enn ti års erfaring frå rederiverksemd både som seglande, nybyggingstilsyn og driftsinspektør i rederi innanfor, bulk, tank, seismikk og container.

Miljøfokus

I pressemeldinga vert det opplyst at Sunny Lady vil bli eit av norges største og mest moderne fiskefartøy der miljøomnsyn og innovasjon står i førarsetet.
Ringnotsnurparen vil blant anna optimaliserast slik at drifta vert så energieffektiv som muleg, blant anna med ein 350 kubikkmeter LNG-tank i kombinasjon med diesel og ein stor batteripakke.
- Vi ynskjer å drive berekraftig hausting av fisk, og for oss er det viktig å redusere klimaavtrykket i tida framover, seier Teige.
Teige Rederi omfattar i dag reiarlaga Teigebris AS og Teige Rederi AS. Teigebris AS er eigar av fiskefartøyet M/S Sjøbris som er ein kombinert trålar/ringnot med kvoter på pelagiske fiskeri.
Nybygget Sunny Lady vert 86 meter langt og 18 meter breidt. Fiskefartøyet er designa og utvikla av Salt Ship Design.

Publisert: 21.01.2020 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50