- Kontrakten på design og engineering for «Dr. Fridtjof Nansen» er den største enkeltkontrakten vi har hatt, seier designsjef Håvard Vollset Lien ved Skipsteknisk.
Det vart til slutt det spanske verftet Astilleros Gondàn som fekk oppdraget med å byggje nye «Dr. Fridtjof Nansen». Verftskontrakten vart signert i Utanriksdepartementet fredag. På plass var også Vollset Lien.
- Eg heldt ein presentasjon til dei impliserte om dei ulike finessane med skipet.
Fartøyet skal drivast som ein del av EAF-Nansen-programmet, som er eit samarbeid mellom Norad, FNs matvareorganisasjon FAO og Havforskingsinstituttet.
EAF står for Ecosystem Approach to Fisheries. Der fokuset før var å kartleggje størrelsen på dei enkelte fiskebestandane, er fokuset i EAF-programmet på heile økosystemet i havet. Mellom anna skal data samlast inn for å studere og forstå konsekvensane av langsiktige klimaendringar.
- Vi vann designkonkurransen i konkurranse med fleire andre aktørar, og har arbeidd med prosjektet sidan i januar i fjor.
Han opplyser at eitt av hovedutfordringane med slike fartøy er å lage fartøyet så støysvakt som muleg.
- Dette for at fisken ikkje skal verte skremd av fartøyet, slik at målingar og forskningsresultat skal bli så korrekte som mogleg.
- Det er eit svært kompakt og komplekst skip, seier Vollset Lien.
Han seier at Skipsteknisk etter kvart har opparbeidd seg som verdsleiande designkontor for utvikling av forskingsfartøy.
- Ja, dette har vore og er fortsatt eit viktig satsingsområde. Mange av forskingsfartøya i verda i dag er gamle, og er no modne for utskifting.
- Vi arbeider med fleire nye prosjekt, seier han.
Nye «Dr. Fridtjof Nansen» vert 74,1 meter lang, 17,4 meter brei og får 32 lugarar med plass til 45 personar. 15 av desse er mannskap, medan det er plass til 30 forskarar.
Vollset Lien seier at det går mot at det vert mykje norsk utstyr om bord i båten.
- Men dette er ikkje endeleg avklara.
Det vart til slutt det spanske verftet Astilleros Gondàn som fekk oppdraget med å byggje nye «Dr. Fridtjof Nansen». Verftskontrakten vart signert i Utanriksdepartementet fredag. På plass var også Vollset Lien.
- Eg heldt ein presentasjon til dei impliserte om dei ulike finessane med skipet.
Kartlegg økosystemet
520 millionar kroner kostar det nye forskingsfartøyet, eit fartøy som er spesialutvikla for å kartleggje fisk og havområde i utviklingsland.Fartøyet skal drivast som ein del av EAF-Nansen-programmet, som er eit samarbeid mellom Norad, FNs matvareorganisasjon FAO og Havforskingsinstituttet.
EAF står for Ecosystem Approach to Fisheries. Der fokuset før var å kartleggje størrelsen på dei enkelte fiskebestandane, er fokuset i EAF-programmet på heile økosystemet i havet. Mellom anna skal data samlast inn for å studere og forstå konsekvensane av langsiktige klimaendringar.
Støysvakt
Håvard Vollset Lien seier at for Skipsteknisk har dette vore ei viktig kontrakt.- Vi vann designkonkurransen i konkurranse med fleire andre aktørar, og har arbeidd med prosjektet sidan i januar i fjor.
Han opplyser at eitt av hovedutfordringane med slike fartøy er å lage fartøyet så støysvakt som muleg.
- Dette for at fisken ikkje skal verte skremd av fartøyet, slik at målingar og forskningsresultat skal bli så korrekte som mogleg.
Verdsleiande
Fartøyet får ei rekkje sensorar som skal fange opp lydar frå havet, i tillegg til ei lang rekkje vinsjar til ulike formål. Det vert også fleire ulike laboratorium om bord.- Det er eit svært kompakt og komplekst skip, seier Vollset Lien.
Han seier at Skipsteknisk etter kvart har opparbeidd seg som verdsleiande designkontor for utvikling av forskingsfartøy.
- Ja, dette har vore og er fortsatt eit viktig satsingsområde. Mange av forskingsfartøya i verda i dag er gamle, og er no modne for utskifting.
Nye prosjekt
Skipsteknisk har levert design til forskingsfartøy i land som Storbritannia, Irland, Shetland, Chile, Sør-Afrika og Canada.- Vi arbeider med fleire nye prosjekt, seier han.
Nye «Dr. Fridtjof Nansen» vert 74,1 meter lang, 17,4 meter brei og får 32 lugarar med plass til 45 personar. 15 av desse er mannskap, medan det er plass til 30 forskarar.
Norsk utstyr
Fartøyet får dieselelektrisk framdrift.Vollset Lien seier at det går mot at det vert mykje norsk utstyr om bord i båten.
- Men dette er ikkje endeleg avklara.
Mange av forskingsfartøya i verda i dag er gamle, og er no modne for utskifting
Publisert: 24.03.2014 14:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32