Møre Trafo er med sine 130 tilsette den nest største arbeidsgjevaren i Sykkylven dersom ein ser vekk fra kommunen, og det er berre Ekornes som er større.
- Vi produserer fordelingstransformatorar, nettstasjonar og andre produkt til elektriske distribusjonsnett – slik som lavspenningstavler og tekniske hus mellom anna, seier administrerande direktør Tor Rieve Kristiansen.
Han er andre generasjon i familieselskapet. Møre Trafo er eigd av Møre Electric Group, og bak dette selskapet står familieselskapet Rieve Gruppen og det franske konsernet Schneider Electric med ein eigarskap på henhaldsvis 66 og 34 prosent.
Rieve Gruppen er eit familieselskap eigd av Rieve Kristiansen-familien.
- Vi er marknadsleiar i Norge når det gjeld transformatorar og nummer to på nettstasjoner, på sistnemnde område er ABB større, seier han.
Det er ABB og Siemens som er dei største konkurrentane i Norge.
- Vi har fokus på kunnskap og å vere eit kompetansesenter på nettstasjoner og transformatorar. På desse områda skal vi være dei beste og også utnytte fordelane med nærleik til marknaden.
I Sverige er det søsterselskapet KL Industri AB som er den største leverandøren av nettstasjonar. Dei er størst på nettstasjonar i Norden, og var i 2015 noko større en Møre Trafo både når det gjeld omsetning og antal tilsette.
- Det har vore marknadsvekst siste ti åra, og det er ikkje store svingningar, seier han.
Regnskapstala viser at omsetninga til Møre Trafo har dobla seg på ti år. 2015 var eit rekordår både når det gjaldt omsetning og resultat. Omsetninga enda på 320 millioner kroner, og resultat før skatt enda på ca. 27 millionar kroner. Det er ein omsetningsvekst på 20 prosent i høve til året før.
- Det er vi tilfreds med, sjølv om vi alltid ønsker å gjere det bedre. Vi er ikkje prega av konjunkturar som andre bransjer, og i åra framover må Norge også auka robustheita i det elektriske distribusjonsnettet. Der er både ein del vedlikehaldsinvesteringar som må gjerast framover, og folk må også ha straum, seier Rieve Kristiansen.
- I framtida vil det kome investeringar der ein legg gamle luftliner i bakken, og slik som ein no gjer med nye investeringar. Sverige og Finland har gjort meir på dette området, men i Norge er det fortsatt ein del å gjere her.
I inneværande år er det budsjettert med noko lavare omsetning, men likevel på eit høgt nivå.
-Klarer vi å nå ei årleg omsetning på rundt 350 milionar kroner i åra framover, er det veldig bra synast vi, seier han.
Inkluderer ein søsterselskapet KL Industri i tala, ligg omsetninga no totalt på 660 millionar kroner.
Møre Trafo har dermed ein moderne produksjonpark, og er godt rigga for å utvikle seg vidare og være konkurransedyktig framover.
- Vi har heile verdikjeden her i Sykkylven, og der vi produserer både mekaniske og elektriske komponenter til transformatorane. Når det gjeld produksjonen av nettstasjonar, kjøper vi ein del komponenter frå andre.
I fjor tilsette Møre Trafo også rundt 10 nye medarbeidarar.
- Men vi er nødt til å ha produktivitetsvekst kvart år skal vi klare å halde kostnadene nede. Vi vil derfor ikkje auke bemanninga noko særleg, då glipper lønsemda fort. Men vi har planer om å oppretthalde og eventuelt auke litt talet på tilsette framover.
- Det var far min, Oddvar, som fekk ei mulegheit til å kjøpe selskapet då eigaren, den gong heitte det Vestnorske Elektriske, ville selge seg ut. Far min var frå Sarpsborg, og kom hit til Sykkylven i si tid for å få reparert ein generator på Riksheim. Av forskjellige grunnar vart han værande her, og når han då traff mor mi, vart han værande, forklarer han.
Han starta opp selskapet på Ekornes-fabrikken. Han var utdanna ingeniør og hadde jobba på ein transformatorfabrikk i sin ungdom.
- Det var Jens Ekornes som var tiltakssjef i bygda, og han oppfordra han til å starte opp. Han ville også hjelpe til med å dra det i gong, han meinte at elektroteknisk industri ville være bra fordi det nesten berre var møbelindustri i Sykkylven. Her mangla fullstendig kompetanse på elektrofag, så det vart ein tung start å lære opp folk og å skaffe seg dei første ingeniørane.
-Vi hadde ein tøff periode frå midten av nitti-talet. Det var då den nye energilova vart innført og som gjorde at det ikkje lenger var initiativ til å investere i nettet. Det vart då ein periode på ti år med svært lite investeringar før myndigheitene såg at det måtte stimulerast til fleire investeringar, seier han.
Regelverket og inntektsrammene til nettselskapa er viktige indikasjonar for korleis inntektene og marknaden til Møre Trafo utviklar seg.
Eit anna område som han ser veksande mulegheiter innanfor, er el-bilar og ladestasjonar.
-Der har vi eit produkt som kan bidra inn i ladestasjonane. Eit anna område som er interessant, er smarte nettstasjonar og der det er større krav til kommunikasjon og styring. Det er bestemt å innføre automatiske straummålarar i alle hus og styre straumforbruket meir. Vi trur at våre nettstasjonar då kan bli eit samlingspunkt for innsamling av data og for å styre og overvåke straumbruket bedre.
- Vi blir meir og meir miljøbevisste og ønskjer å drive sparing. Her er mange mulegheiter, og vi ser positivt på framtida. Framtida er også elektrisk, det er det ikkje tvil i. Vi er heldig i Norge som har omtrent 100 prosent fornybar energi.
Nettselskapa i Norge er i ein monopolsituasjon, derfor er det tydelige føringar og regulerering kor mykje dei kan ta betalt av abonnementene.
- Eg trur at det kjem til å tvinge seg fram fleire samanslåingar. Mørenett er eit typisk eksempel og der Tafjord og Tussa har slått sine distribusjonsnett saman for å bli sterkare og spare pengar. Eg trur vi kan forvente oss fleire slike samanslåingar framover, seier Tor Rieve Kristiansen.
- Vi produserer fordelingstransformatorar, nettstasjonar og andre produkt til elektriske distribusjonsnett – slik som lavspenningstavler og tekniske hus mellom anna, seier administrerande direktør Tor Rieve Kristiansen.
Han er andre generasjon i familieselskapet. Møre Trafo er eigd av Møre Electric Group, og bak dette selskapet står familieselskapet Rieve Gruppen og det franske konsernet Schneider Electric med ein eigarskap på henhaldsvis 66 og 34 prosent.
Rieve Gruppen er eit familieselskap eigd av Rieve Kristiansen-familien.
Marknadsleiar
Kundane er i hovedsak nordiske elektrisitetsverk, men også til ein viss grad jernbane og større industribedrifter som har eigen straumforsyning. Eksportandelen er 15-20 prosent. Møre Electric Group eig også det svenske selskapet KL Industri AB.- Vi er marknadsleiar i Norge når det gjeld transformatorar og nummer to på nettstasjoner, på sistnemnde område er ABB større, seier han.
Det er ABB og Siemens som er dei største konkurrentane i Norge.
- Vi har fokus på kunnskap og å vere eit kompetansesenter på nettstasjoner og transformatorar. På desse områda skal vi være dei beste og også utnytte fordelane med nærleik til marknaden.
I Sverige er det søsterselskapet KL Industri AB som er den største leverandøren av nettstasjonar. Dei er størst på nettstasjonar i Norden, og var i 2015 noko større en Møre Trafo både når det gjeld omsetning og antal tilsette.
Marknadsvekst
Ifølgje Rieve Kristiansen, er marknaden til Møre Trafo stabilt aukande.- Det har vore marknadsvekst siste ti åra, og det er ikkje store svingningar, seier han.
Regnskapstala viser at omsetninga til Møre Trafo har dobla seg på ti år. 2015 var eit rekordår både når det gjaldt omsetning og resultat. Omsetninga enda på 320 millioner kroner, og resultat før skatt enda på ca. 27 millionar kroner. Det er ein omsetningsvekst på 20 prosent i høve til året før.
- Det er vi tilfreds med, sjølv om vi alltid ønsker å gjere det bedre. Vi er ikkje prega av konjunkturar som andre bransjer, og i åra framover må Norge også auka robustheita i det elektriske distribusjonsnettet. Der er både ein del vedlikehaldsinvesteringar som må gjerast framover, og folk må også ha straum, seier Rieve Kristiansen.
Auka vedlikehaldsinvesteringar
Betre straumforsyning og meir vedlikehald av distribusjonsnettet i Norge er sentralt framover, også med tanke på meir ekstremvær.- I framtida vil det kome investeringar der ein legg gamle luftliner i bakken, og slik som ein no gjer med nye investeringar. Sverige og Finland har gjort meir på dette området, men i Norge er det fortsatt ein del å gjere her.
I inneværande år er det budsjettert med noko lavare omsetning, men likevel på eit høgt nivå.
-Klarer vi å nå ei årleg omsetning på rundt 350 milionar kroner i åra framover, er det veldig bra synast vi, seier han.
Inkluderer ein søsterselskapet KL Industri i tala, ligg omsetninga no totalt på 660 millionar kroner.
Har hatt rom for store investeringar
- Det har gått bra, og vi har også investert ein del ved Møre Trafo. I 2015 og 2016 har vi vedteke samla investeringar på ca. 30 millionar – i maskiner og nytt lager blant anna. Då har vi siste ti åra gjort investeringar på nærmare 70-80 millionar kroner, understrekar Rieve Kristiansen.Møre Trafo har dermed ein moderne produksjonpark, og er godt rigga for å utvikle seg vidare og være konkurransedyktig framover.
- Vi har heile verdikjeden her i Sykkylven, og der vi produserer både mekaniske og elektriske komponenter til transformatorane. Når det gjeld produksjonen av nettstasjonar, kjøper vi ein del komponenter frå andre.
I fjor tilsette Møre Trafo også rundt 10 nye medarbeidarar.
- Men vi er nødt til å ha produktivitetsvekst kvart år skal vi klare å halde kostnadene nede. Vi vil derfor ikkje auke bemanninga noko særleg, då glipper lønsemda fort. Men vi har planer om å oppretthalde og eventuelt auke litt talet på tilsette framover.
Tilfeldigheiter avgjorde
Selskapet er 65 år i år, og som så mykje anna, var det nærmast ein tilfeldigheit at Rieve Kristiansen-familien skulle eige og drive fram selskapet.- Det var far min, Oddvar, som fekk ei mulegheit til å kjøpe selskapet då eigaren, den gong heitte det Vestnorske Elektriske, ville selge seg ut. Far min var frå Sarpsborg, og kom hit til Sykkylven i si tid for å få reparert ein generator på Riksheim. Av forskjellige grunnar vart han værande her, og når han då traff mor mi, vart han værande, forklarer han.
Han starta opp selskapet på Ekornes-fabrikken. Han var utdanna ingeniør og hadde jobba på ein transformatorfabrikk i sin ungdom.
- Det var Jens Ekornes som var tiltakssjef i bygda, og han oppfordra han til å starte opp. Han ville også hjelpe til med å dra det i gong, han meinte at elektroteknisk industri ville være bra fordi det nesten berre var møbelindustri i Sykkylven. Her mangla fullstendig kompetanse på elektrofag, så det vart ein tung start å lære opp folk og å skaffe seg dei første ingeniørane.
Tøff start for andre generasjon
Tor Rieve Kristiansen har vore engasjert i leiinga sidan 1995, og han byrja i selskapet i 1989.-Vi hadde ein tøff periode frå midten av nitti-talet. Det var då den nye energilova vart innført og som gjorde at det ikkje lenger var initiativ til å investere i nettet. Det vart då ein periode på ti år med svært lite investeringar før myndigheitene såg at det måtte stimulerast til fleire investeringar, seier han.
Regelverket og inntektsrammene til nettselskapa er viktige indikasjonar for korleis inntektene og marknaden til Møre Trafo utviklar seg.
Infrastruktur
- Dei største drivarane for våre bransje er utbygging av infrastruktur, som bolig, veg, jernbane etc. Det er kanskje håp om å få ekstra stimulans på desse områda no for å kompensere for nedgangen i den oljerelaterte delen av næringslivet. Ein aktiv motkonjunkturpolitikk, med investeringar i det offentlege og halvoffentlege, kan føre til ein større marknad også for oss, seier Rieve Kristiansen.Eit anna område som han ser veksande mulegheiter innanfor, er el-bilar og ladestasjonar.
-Der har vi eit produkt som kan bidra inn i ladestasjonane. Eit anna område som er interessant, er smarte nettstasjonar og der det er større krav til kommunikasjon og styring. Det er bestemt å innføre automatiske straummålarar i alle hus og styre straumforbruket meir. Vi trur at våre nettstasjonar då kan bli eit samlingspunkt for innsamling av data og for å styre og overvåke straumbruket bedre.
I starten av ei utvikling
Ifølgje Rieve Kristiansen, er dette ei utvikling som vi er heilt i byrjinga av.- Vi blir meir og meir miljøbevisste og ønskjer å drive sparing. Her er mange mulegheiter, og vi ser positivt på framtida. Framtida er også elektrisk, det er det ikkje tvil i. Vi er heldig i Norge som har omtrent 100 prosent fornybar energi.
Nettselskapa i Norge er i ein monopolsituasjon, derfor er det tydelige føringar og regulerering kor mykje dei kan ta betalt av abonnementene.
- Eg trur at det kjem til å tvinge seg fram fleire samanslåingar. Mørenett er eit typisk eksempel og der Tafjord og Tussa har slått sine distribusjonsnett saman for å bli sterkare og spare pengar. Eg trur vi kan forvente oss fleire slike samanslåingar framover, seier Tor Rieve Kristiansen.
Dei største drivarane for våre bransje er utbygging av infrastruktur - som bolig, veg, jernbane og lignande
Publisert: 23.03.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54