- Overveldande, seier dagleg leiar Sondre Henningsgård i Maritimt Battery Forum, om påmeldinga til årets "Watts up-konferanse", om bruk av batteri i skip.
Det er fjerde gang konferansen blir arrangert, og i år er den lagt til Ulsteinvik, der det mellom anna skal snakkast om planlegging og bygging av Color Line si nye hybridferje. Konferansen er på onsdag 7. og torsdag 8. mars.
Konferansen var fullteikna god tid i førevegen.
Etterkvart har det falle på plass. No er er interessa blant deltakarane retta meir mot erfaringar i å bruke batteri og elmotor og lønsemda i å ta i bruk batteri i skipsfart, i følgje Henningsgård.
Kven som deltek har og endra seg. Frå å vere dominerte av utstyrsleverandørar har konferansen fått eit større innslag av representantar frå reiarlag, og fleire deltakarar frå utlandet.
Stadig flere segment i skipsfarten ser på batteridrift. Noreg er i ei leiande rolle i å ta i bruk batteri i skip, og det gjer at utanlandske aktørar er interessert i erfaringane norske aktørar har hausta, følgje Henningsgård.
Det er fjerde gang konferansen blir arrangert, og i år er den lagt til Ulsteinvik, der det mellom anna skal snakkast om planlegging og bygging av Color Line si nye hybridferje. Konferansen er på onsdag 7. og torsdag 8. mars.
Konferansen var fullteikna god tid i førevegen.
Større interesse
Då konferansen blei arrangert for første gang var sertifisering og standardar viktig tema.Etterkvart har det falle på plass. No er er interessa blant deltakarane retta meir mot erfaringar i å bruke batteri og elmotor og lønsemda i å ta i bruk batteri i skipsfart, i følgje Henningsgård.
Kven som deltek har og endra seg. Frå å vere dominerte av utstyrsleverandørar har konferansen fått eit større innslag av representantar frå reiarlag, og fleire deltakarar frå utlandet.
Noreg først i løypa
I Noreg er store deler av ferjeflåten i ferd med å bli elektrifisert, batteridrift er og på veg inn i sightseeingstrafikk, fiske- og mindre fraktfarty.Stadig flere segment i skipsfarten ser på batteridrift. Noreg er i ei leiande rolle i å ta i bruk batteri i skip, og det gjer at utanlandske aktørar er interessert i erfaringane norske aktørar har hausta, følgje Henningsgård.
Publisert: 05.03.2018 11:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18