– Ikkje i konflikt med verdsarven, snarare tvert i mot
Fjord-ordførar er skuffa og bur seg på mekling for etablering av landbasert oppdrett.
Fjord kommune er skuffa over statsforvaltaren i Møre og Romsdal og meiner dei overvurderer negative sider ved etablering av eit landbasert anlegg for oppdrett i Raudbergvika.
Førre veke blei det kjent at statsforvaltaren framleis har fleire protestar mot anlegget Roger Hofseth vil starte opp i Storfjord.
– Avhengigheit av levedyktige lokalsamfunn
I første rekke er statsforvaltaren negativ til plasseringa delvis innafor verdsarvområdet i Geirangerfjorden.
Ordførar Terese Jemtegård Moen i Fjord meiner statsforvaltaren ikkje har lagt nok vekt på dei samfunnsmessige vurderingane.
– Verdsarvstatusen si avhengigheit av levedyktige lokalsamfunn med innovativt næringsliv som kan utvikle seg, synest heller ikkje å vere vurdert og verdisett. Prosjektet er ikkje i konflikt med verdsarven, snarare tvert i mot, uttaler ho i ei pressemelding om saka.
Bur seg på mekling
Hofseth ønsker å investere minst 15 milliardar på landbasert oppdrett inne i dei nedlagde olivingruvene ved Raudbergvika.
Ordføraren fortel at kommunen no førebur seg på mekling, og trur dei siste motsegnene også skal kunne trekkast.
Statsforvaltaren er også kritisk til forureining frå anlegget, og meiner det er gjort manglande vurdering av alternativ plassering og utilfredsstillande avklaring av korleis dei utsprengde massane frå fjellet skal disponerast.
Fylket har snudd om vasskvalitet
Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune har snudd i synet på konsekvensar for vasskvaliteten, kom det fram av saksutgreiinga til fylkesutvalet sitt møte måndag. Samtidig er dei er framleis kritiske når det gjeld forholdet til verdsarvområdet.
Reguleringsplanen for området har no vore ute på høyring for tredje gong.
Om den kjem på plass, vil saka gå til sektorstyresmaktene. Mattilsynet skal vurdere saka etter matlova, og statsforvaltaren skal vurdere utsleppsløyve etter forureiningslova.
Publisert: 29.01.2024 08:39
Sist oppdatert: 29.01.2024 08:41