- Dette skipet vil utføre eit av verdas mest miljøvenlege logistikkoppdrag for Statoil. Det er udiskutabelt.
- I tillegg er vi sikker på at dette er måten å tenke på for å få miljøvenlege operasjonar i nordområda.
Dette seier Olympic-direktør Stig Remøy etter at Vard i samarbeid med Olympic-reiarlaget onsdag offentleggjorde sitt samarbeid rundt miljøvenleg framdrift.
No skal det om bord ein batteripakke med ein samla effekt på 460 kWh.
Systemet heiter SeaQ Energy Storage System, og Vard har i lengre tid testa energiforbruket om bord i Olympic Energy for å utvikle eit optimalisert system.
I tillegg kan systemet kombinerast med landstraum.
- Vi er positivt overraska over resultata våre analyser viser. Å integrere batteripakken med landstraum, viser stor miljøinnsparing.
- Innovasjonen gjer at skipet kan nytte batteri i fleire driftskondisjonar, og kombinere både landstraum og batteri ved kai.
- Dette vil redusere utsleppet, og ikkje minst redusere støyen når skipet er i hamn, seier Christian Søvik, visedirektør for Global Services i Vard Electro.
Vard Aukra har fått oppdraget med å installere dei to kontainerane med batteri og det øvrige utstyret om bord. Dette skjer i samarbeid med Vard Electro.
- Utstyret skal installerast medan båten er i drift, seier Søvik.
Analysane så langt viser at innsparinga på drivstoff er på 15-25 prosent, reduksjonen i NOx-utslepp er 25-30 prosent og reduksjonen i utslepp av CO2 er 15-25 prosent.
- Vi tek etter bilindustrien, og dei løysingane som finst for el-bilar. No kjem offshoreverda etter.
Han etterlyser større satsing på infrastruktur, både fleire LNG-anlegg og fleire ladestasjonar for båtar.
- Her må styresmaktene vere flinkare å leggje til rette.
- Det skal løne seg å drive miljøvenleg og koste å forureine.
- For oss kan det gjerne verte verdas strengaste miljøkrav herifrå og nordover. Det er dette som vil vere berekraftig.
- Her kombinerer ein batteri og landstraum på ein nyskapande og genial måte, seier seniorrådgjevar Ingrid Aune i Enova.
Tiltaket vil gi ein kalkulert energireduskjon på 8,6 GWH i året, tilsvarande energiforbruket i 400 hushaldningar.
- Dette er ein teknologi som lett kan overførast til andre typer fartøy. Dette har vi stor tru på, seier Aune.
Ho seier at Enova gjerne vil vere med og støtte andre aktørar som vil over til denne løysinga.
- Nokon må gå føre og vise veg. Det har Vard og Olympic her gjort, og Olympic Energy vert for oss eit referanseprosjekt.
- Men vi håper mange andre kjem etter, også innanfor cruisefartøy og lastefartøy.
- I tillegg er vi sikker på at dette er måten å tenke på for å få miljøvenlege operasjonar i nordområda.
Dette seier Olympic-direktør Stig Remøy etter at Vard i samarbeid med Olympic-reiarlaget onsdag offentleggjorde sitt samarbeid rundt miljøvenleg framdrift.
Batteripakkar
PSV-en Olympic Energy vart levert frå Vard til Olympic i 2012, og har hittil hatt dual-fuel-drift, med variasjon mellom naturgass og dieselelektrisk.No skal det om bord ein batteripakke med ein samla effekt på 460 kWh.
Systemet heiter SeaQ Energy Storage System, og Vard har i lengre tid testa energiforbruket om bord i Olympic Energy for å utvikle eit optimalisert system.
Landstraum-kombinasjo
nSpesielt vil systemet ta unna lasttoppane og gjere operasjonan sikrare og meir effektive enn i dag.I tillegg kan systemet kombinerast med landstraum.
- Vi er positivt overraska over resultata våre analyser viser. Å integrere batteripakken med landstraum, viser stor miljøinnsparing.
- Innovasjonen gjer at skipet kan nytte batteri i fleire driftskondisjonar, og kombinere både landstraum og batteri ved kai.
- Dette vil redusere utsleppet, og ikkje minst redusere støyen når skipet er i hamn, seier Christian Søvik, visedirektør for Global Services i Vard Electro.
Vard Aukra
Olympic Energy har i dag base i Kristiansund, og går på ulike oppdrag for Statoil.Vard Aukra har fått oppdraget med å installere dei to kontainerane med batteri og det øvrige utstyret om bord. Dette skjer i samarbeid med Vard Electro.
- Utstyret skal installerast medan båten er i drift, seier Søvik.
Analysane så langt viser at innsparinga på drivstoff er på 15-25 prosent, reduksjonen i NOx-utslepp er 25-30 prosent og reduksjonen i utslepp av CO2 er 15-25 prosent.
Tek etter bilindustrien
Stig Remøy seier at denne båten vert på mange måtar ein plug-in hybrid.- Vi tek etter bilindustrien, og dei løysingane som finst for el-bilar. No kjem offshoreverda etter.
Han etterlyser større satsing på infrastruktur, både fleire LNG-anlegg og fleire ladestasjonar for båtar.
- Her må styresmaktene vere flinkare å leggje til rette.
- Det skal løne seg å drive miljøvenleg og koste å forureine.
Til Barentshavet
Remøy har god tru på at Olympic Energy vil hamne i Barentshavet etter at dagens kontrakt med Statoil går ut til sommaren neste år.- For oss kan det gjerne verte verdas strengaste miljøkrav herifrå og nordover. Det er dette som vil vere berekraftig.
Enova klar til meir støtte
Enova har støtta prosjektet med 5,75 millionar kroner.- Her kombinerer ein batteri og landstraum på ein nyskapande og genial måte, seier seniorrådgjevar Ingrid Aune i Enova.
Tiltaket vil gi ein kalkulert energireduskjon på 8,6 GWH i året, tilsvarande energiforbruket i 400 hushaldningar.
- Dette er ein teknologi som lett kan overførast til andre typer fartøy. Dette har vi stor tru på, seier Aune.
Ho seier at Enova gjerne vil vere med og støtte andre aktørar som vil over til denne løysinga.
- Nokon må gå føre og vise veg. Det har Vard og Olympic her gjort, og Olympic Energy vert for oss eit referanseprosjekt.
- Men vi håper mange andre kjem etter, også innanfor cruisefartøy og lastefartøy.
Nokon må gå føre og vise veg. Det har Vard og Olympic her gjort
Publisert: 05.09.2017 08:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55