Maritime partner ambulansebåt foto maritime partner 22
ÅLESUND: Maritime Partner held til i Breivika i Ålesund og har mellom anna bygd fleire hurtiggåande ambulansebåtar dei siste åra. Foto: Maritime Partner
Nytt

Sjette år med underskot for båtbyggjarar

Forseinka prosjekt øydela sjansane for overskot i fjor. I år blir resultatet betre.

Marius Rosbach
21.08.2023

Etter fem år i minus håpte Maritime Partner i Ålesund å kome i pluss i fjor, etter å ha hanka inn ein rekke nye oppdrag.

2022-rekneskapen som no er klar frå Brønnøysundregistera, viser likevel eit nytt underskot for båtbyggjarane som held til i Breivika.

– Vi hadde eit par prosjekt som blei forseinka, og den innteninga vi håpte skulle komme i fjor, kjem heller i år, fortel administrerande direktør Torstein Heggstad til NETT NO.

Ålesundaren tok over roret i selskapet tidlegare i år, medan mangeårig leiar Peder R. Myklebust gjekk over i ei ny stilling.

Maritime Partner (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt
182,8
130,5
Driftsresultat
-0,4
-2,8
Resultat før skatt
-4,4
-6,3

Trur på pluss i år
Maritime Partner leverte 30 båtar i fjor. Det førte til at inntektene gjorde eit solid byks i fjor samanlikna med året før, og enda på knappe 183 millionar kroner.

I år har ordrereserven auka og reknar selskapet med å levere fleire båtar enn i fjor. Heggstad trur på pluss i rekneskapen.

– Vi er på rett veg og resultatet blir betre i år. Men det er vanskelege rammevilkår vi jobbar under for tida, og eg vil derfor vere forsiktig med å komme med for presise prognoser for året som heilheit, legg han til.

Auken i aktiviteten førte óg til fleire tilsette med ei auke i talet på årsverk frå 37 til 44 frå 2021 til 2022.

Torstein heggstad
NY SJEF: Torstein Heggstad tok over som toppsjef i Maritime Partner, etter at mangeårig leiar Peder R. Myklebust gjekk over i ei anna stilling i vår. Foto: Ogne Øyehaug

Marknaden tilbake mot normalen
Selskapet har spesialisert seg på mindre hurtiggåande båtar og marknaden er på god veg tilbake til normalen i kjølvatnet av koronapandemien, skriv styret i årsmeldinga.

Spesielt marknaden for turistbåtar har vore svak dei siste åra, men også her kjem det no førespurnader fortel Heggstad.

– Vi jobbar med oppdrag både til forsvarssegmentet og persontrafikk - som ambulanse og hurtigbåtar. I tillegg er det meir aktivitet i dei tradisjonelle næringane som offshore, mellom anna med mobbåtar, fortel han.

Søksmål etter Brim-brann
I årsmeldinga kjem det også fram at selskapet i fjor fekk eit økonomisk krav mot seg etter brannen om bord i MS Brim, som selskapet leverte i 2019.

Saka som også gjeld manglar på systerfartøyet, er venta å kome for retten i oktober.

Styret skriv at dei i samråd med juridiske rådgjevarar, har kome fram til at søksmålet mest truleg ikkje når fram, og det er difor ikkje sett av midlar i rekneskapen.

Eigenkapitalen var på 10 millionar ved utgangen av fjoråret og langsiktig gjeld på kring 5,6 millionar kroner, ifølgje konsernrekneskapen som inkluderer UFAS Holding og Maritime Partner Asia.

Publisert: 21.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.08.2023 09:24

Mer om