Får støtte til prosjektutvikling
Store planar for Gjøsund nasjonale fiskerihamn. Sjå video.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet løyver 1,75 millionar kroner til prosjekt utvikling av Gjøsund nasjonale fiskerihamn i Giske kommune.
Vedtaket var i tråd med fylkeskommunedirektøren si innstilling og blei einstemmig vedtatt.
Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Manglar hamn
Midlane skal gå til å få avklart viktige vegval som kommunen må ta innan prosjektplan, infrastruktur, organisering/eigarskap og regulering/myndigheitskontakt.
Det blir vist til at Giske er ein av dei største fiskerikommunane her i landet med 51 registrerte fartøy, 700 tilsette i næringa og ein årleg omsetnad på om lag tre milliardar kroner. Men kommunen manglar ei hamn som kan betene næringa.
Sjå video av prosjektet:
105 millionar frå staten
Giske kommune avtalte med Samferdselsdepartementet i 2019 å forskottere og utdjupe Gjøsund nasjonale fiskerihamn.
Til sjølve hamneprosjektet blir det brukt 105 statlege millionar.
Massane som blir gravne ut frå sjøbotnen blir deponert i eit nærliggande stranddeponi og fører til utviding av industriområde.
Prosjektmidlane som no er løyva blir finansiert av tiltaksfondet, og er avgrensa til 48,6 prosent av samla prosjektkostnad.
Les meir om prosjektet her. (ekstern lenke)
Publisert: 26.10.2022 10:31
Sist oppdatert: 26.10.2022 17:34