Stor tru på hamneutvikling i Giske
I full gong med 100-millionarprosjektet på Gjøsundet. Og aktørane står i kø for å vere med.
Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF) tok torsdag eit symbolsk første grabbetak i arbeidet med å utvikle hamneområdet ved Gjøsundet.
Det er sett av 105 millionar statlege kroner til mudring av sundet og
utfylling på austsida av Gjøsund.
Det vil mellom anna realisere kring 150 mål med nytt næringsareal som no skal utviklast. Til saman vil kommunen eige eit areal på kring 350 mål i området.
Det blir også fleire kaier – i første omgang ei 200 meter lang djupvasskai.
– Her ligg vi midt i skipsleia og vi håpar at dette kan bli ein hub som blir mykje brukt. Vi trur det vil gi auka verdiskaping ved at ulike aktørar etablerer seg her, fortel Valderhaug til NETT NO.
(saka held fram under)
Giske er mellom dei største fiskerikommunane i landet, men manglar ei skikkeleg hamn. Arbeidet som er finansiert via Nasjonalt Transportplan, skal vere ferdig i løpet av neste år. Kommunen er sjølv byggherre for arbeidet.
Ordføraren legg ikkje skjul på at det er ein stor dag når dei for alvor kan starte å utvikle eit hamneområde med internasjonale ambisjonar.
– Vi trur dette kan ha ei kjempeoppside for Giske, fortel Valderhaug som har jobba med prosjektet sidan 2015.
Interessa for å etablere seg kjem både frå bedrifter som allereie er på plass - som Subsea 7, andre i lokalmiljøet - som krillselskapet Kitin, i tillegg til aktørar utanfrå.
– Vi er audmjuke til dette, men merkar at det er stor interesse, fortel Valderhaug.
(saka held fram under)
Internasjonale aktørar
Allereie torsdag var det på plass internasjonale aktørar som i
dag driv verksemd ved Hirtshals hamn. For dei er det interessant å sjå
på moglegheitene for meir frakt, i første rekke av fisk til Danmark.
– Vi ligg tett ved Ålesund-området, som er Nord-Europas største eksportområde for fisk. Vi jobbar for å få meir fisk til å bli frakta sjøvegen, og ikkje langs landevegen via Oslo. Her trur vi utviklinga på Gjøsundet kan vere med å styrke regulariteten til sjøs, legg han til.
Andre moglegheiter som er aktuelle, er distribusjon av hydrogen, biogass og LNG (flytande naturgass) til skipsfarten.
Vil bli karbonnøytral
I samband med seansen med grabbetaket, vart det også arrangert
ein workshop. Der deltok ulike aktørar som allereie er på plass – eller
som ønsker å etablere seg her.
– Gjennom selskapet Gjøsund Utvikling blir det no jobba med korleis området kan bli karbonnøytral. Mellom anna er delar av hamna lite brukt i dag. Då kan vi forme den sjølv, slik at ein pluss ein blir meir enn to, fortel Valderhaug.
Publisert: 04.11.2021 14:26
Sist oppdatert: 04.11.2021 18:44