Stryn Hotel
GREIDDE SEG GODT: Stryn Hotel kom seg godt gjennom koronaåret 2020. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Færre gjestar, betre resultat

Kostnadane fall meir enn inntektene for Stryn Hotel i koronaåret.

10.06.2021

Trass i eit fall i driftsinntektene på 3,2 millionar kroner gjekk Stryn Hotel ut av 2020 med eit resultat før skatt på 2,3 millionar kroner. (sjå tabell).

Selskapet sysselsette 12 årsverk i 2020 mot 15 i 2019 og hadde også reduserte driftskostnadar, som til saman var større enn fallet i driftsinntekter.

Selskapet er tradisjonelt retta mot turistmarknaden om sommaren og nedskalerer drifta og er retta mot forretningsmarknaden i vinterhalvåret

Stryn Hotel er ein del av Vest Hotell Holding-konsernet , som er eigd 50/50 av Ole Kristian Nedberg og Leif Flemming Bakke.

Det andre hotellet i konsernet er Lærdal Hotell, som er eit sommarhotell retta mot turistmarknaden. Hotellet i Lærdal fekk meir enn halvert driftsinntektene i fjor og gjekk frå pluss- til minusresultat. Det er årsaka til at konsernet sitt resultat bikka under null. (sjå tabell).

Vest Hotell Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019

Driftsinntekter

17,128,9
Driftsresultat0,40,9
Resultat før skatt-0,030,4
Stryn Hotel as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter11,214,4
Driftsresultat2,6-0,3
Resultat før skatt2,3-0,6
Lærdal Hotel as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter5,914,5
Driftsresultat-2,21,3
Resultat før skatt-2,31,1

Publisert: 10.06.2021 12:13

Sist oppdatert: 10.06.2021 13:24

Mer om