Dagligvare foto marius 11
FÆRRE SLIT: Medan ein fram til 2024 såg ein auke i andelen som ikkje har råd til materielle og sosiale gode, er nivået i 2025 på omtrent same nivå som i 2023, melder SSB. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Færre nordmenn opplever å ha dårleg råd

Unge einslige har størst vanskar med å få endane til å møtast.

26.11.2025

(NPK-NTB-Helle Høiness): Færre nordmenn opplever å ha dårleg råd samanlikna med i fjor, melder SSB. Likevel opplever einslege og dei mellom 25–44 år i størst grad økonomiske vanskar.

Tal frå Levekårsundersøkelsen viser at 8 prosent opplever at det er vanskeleg å få endane til å møtast.

– Noko færre har dårleg råd i 2025 enn i 2024, men det er viktig å understreka at utbreiinga av økonomiske vanskar framleis er på eit høgt nivå samanlikna med det siste tiåret, seier førstekonsulent Ingrid Haugland i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.

I 2025 auka inntektsnivået til hushalda, og det kan ha bidrege til at me fekk betre råd sjølv om prisar og renta framleis er høg.

– Funn frå livskvalitetsundersøkinga 2025 støttar opp under denne trenden og viser at tilfredsheita med eigen økonomi er svakt stigande i befolkninga, skriv SSB.

Få med betalingsproblem
Medan éin av fem manglar minst eitt materielt gode, er det ein lågare del som seier at dei har problem med å få endane til å møtast. 8 prosent seier dei opplever dette, og 7 prosent seier dei har opplevd betalingsproblem det siste året.

– Det å mangla eit materielt eller sosialt gode blir truleg påverka meir av endringar i folks økonomiske situasjon frå eitt år til eit anna, og kan vitna om at personar med sårbar økonomi er nøydde til å gjera prioriteringar i trongare tider, seier Ingrid Haugland.

Store skilnader
SSB understrekar at den nedgåande trenden er svak og at han ikkje er utanfor den statistiske usikkerheitsmarginen.

Det er store skilnader i kven som ikkje har råd til materielle gode. Det gjeld einslege under 45 år og einslege foreldre. Einslege forsørgjarar har framleis høgast førekomst av materielle manglar i 2025, men nivået er lågare enn i 2024.

– Omtrent halvparten av einslege forsørgjarar oppgir å mangla minst eitt materielt gode, seier ho.

Makspris på barnehageplass
Når SSB ser alle barnefamiliar under eitt, både einslege forsørgjarar og par som er forsørgjarar, ser ein at det er ein nedgang i familiar med dårleg råd. Tala er slått saman av statistiske årsaker fordi andelen einslege forsørgjarar som deltok i undersøkinga, er liten.

– Nedgangen kan hengja saman med statlege tiltak for å redusera økonomiske byrder for barnefamiliar, som makspris for barnehageplass og auka i barnetrygda, skriv SSB.

Verst for unge einslige
Einslege er blant dei som i størst grad opplever å ikkje ha råd til materielle gode. Dette gjeld særleg dei unge. Blant einslege i alderen 25–44 år seier 41 prosent at dei ikkje har råd til minst eitt materielt gode.

Men også blant eldre einslege mellom 45–66 år er andelen høg. Her seier 36 prosent, samanlikna med andre befolkningsgrupper, at dei manglar materielle gode.

Nordmenn over 45 år som er i parforhold og ikkje bur med barn, er dei som i minst grad har materielle manglar.

(©NPK)

Publisert: 26.11.2025 13:07

Sist oppdatert: 26.11.2025 13:07