Haramskonferansen 2024 montasje foto norsk kjernkraft nho ap 11
HARAMSKONFERANSEN: Kjernefysikar Sunniva Rose i Norsk Kjernekraft (t.v.), viseadministrerande direktør Anniken Hauglie (midten) i NHO og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik kjem til Haramskonferansen. Foto: Norsk Kjernekraft/NHO/Arbeiderpartiet
Nytt

Følg Haramskonferansen direkte

Kraft er årets tema når mellom anna LO-leiaren kjem til Brattvåg.

Marius Rosbach
13.02.2024

Kraft er temaet for årets Haramskonferanse som både handlar om energipolitikk - om å ha kraft til å stå i omstilling, ha de nødvendige innsatsfaktorane - og å skape gode lokalsamfunn, heiter det i omtalen frå arrangørane.

Fleire sterke namn står på plakaten, mellom anna kjernefysikar Sunniva Rose i Norsk Kjernekraft, viseadministrerande direktør Anniken Hauglie i NHO og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Sjå program (ekstern lenke)

Bakteppet er for kraftdiskusjonen er at Møre og Romsdal allereie har eit betydeleg kraftunderskott, og at det er venta å auke i åra som kjem.

Tafjord-sjef Erik Espseset er mellom dei som skal på scena. Bodskapen hans er at vindkraft på land må vere ein betydeleg del av løysinga, viss regionen skal klare å produsere den krafta som trengst i framtida.

I eit intervju med NETT NO fortel Espeset at selskapet vurderer utbygging av ny vindkraft fleire plassar på Nordvestlandet.

Publisert: 13.02.2024 09:12

Sist oppdatert: 13.02.2024 09:15

Mer om