Toril Hovdenak foto MR fylke 11
ÅTVARER: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak åtvarer mot at fylket er på veg inn i ein alvorleg situasjon med underskot på kraft dei neste par åra. Foto: Møre og Romsdal fylkeksommune
Nytt

Mangel på kraft kan hemme samfunnsutviklinga

Industri og eksportnæring vil bli sett under sterkt press om det ikkje blir gjort raske grep, åtvarar fylkeskommunedirektøren.

Marius Rosbach
23.10.2023

Allereie på sitt første møte får det nye kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal ei sak på sitt bord som kan få vidtrekkande konsekvensar.

På torsdagens møte skal fylkespolitikarane ta stilling til saka med tittelen «Samfunnskonsekvensar for Møre og Romsdal frå 2026 med bakgrunn i venta kraftsituasjon».

Kort fortald er utfordringane store – og tida knapp til å gjere noko om ein skal unngå alvorlege konsekvensar, ifølgje fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Sterk aukande underdekning
Berre Oslo har større ubalanse enn Møre og Romsdal i produksjon og forbruk av kraft, viser ein fersk rapport frå Møreforsking.

Det komande grøne skiftet og planane elles i kraftkrevjande industri, gjer at underdekninga av sterk aukande.

Til no har auka kraftforbruk blitt løyst med import både frå eige prisområde, til eksempel vindkraft frå Fosen, og andre område.

Om ein blir avhengig av import framover, må ein rekne med større svingingar i pris, og periodar der forbruk må koplast av, vurderer Hovdenak.

«Mismatch» mellom ønsker og kapasitet
Fylkeskommunedirektøren skriv vidare at dei enkelte regionane må rekne med å måtte bygge ut den krafta dei treng sjølv.

Per i dag er planane for utbygging av kraftproduksjon i Møre og Romsdal vesentleg mindre i omfang, enn planane for auka forbruk.

– Per 2023 er omfanget av tildelt og etterspurt kapasitet for forbruk i heile prisområde NO3 (marknadsområde som fylke høyrer innunder, journ. anm.) tre gonger større enn det er for produksjon, heiter det i sakspapira (ekstern lenke til pdf).

– På veg inn i ein alvorleg situasjon
Solkraft, havvind og kjernekraft blir ikkje vurdert som aktuelle alternativ før 2030, men fylkeskommunedirektøren viser til at det er moglegheiter som blir vurderte også i Møre og Romsdal.

Fylket har også mangel på kapasitet i overføringsnettet, som forsterkar utfordringane.

– Møre og Romsdal fylke er såleis på veg inn i ein alvorleg situasjon, som vil kunne hemma samfunnsutviklinga i regionen og der kraftkrevjande industri og eksportretta næring vil bli sett under alvorleg press i tida framover, så fremt det ikkje tas raske grep, heiter det i vurderinga frå fylkesdirektøren.

Anbefalt å auke produksjonen
I saksutgreiinga til utvalspolitikarane konkluderer Hovdenak med at det er viktig å vere i forkant av endringane og viser til fleire anbefalingar frå rapporten.

Den første anbefalinga frå rapportskrivarane er å betre kraftbalansen i regionen med auka produksjon. På kort sikt er det berre vatn-, sol- og oppgradering av vindkraft som kan gi slike bidrag.

Det blir også anbefalt å bygge ut meir nett for å sikre overføringskapasitet, og kunne realisere nytt og auka forbruk.

Rår til tidleg vurdering av havvind
Fylket blir råda til å kome tidleg i gong med å identifisere områder for havvind på mellomlang sikt. For at det også skal bli realisert vindkraft på land, må ein «finne løysingar som er akseptable for samfunnet», heiter det vidare i rapporten.

I rapporten blir det vist til at fleire konsesjonssøknader om vindkraftparkar ulike plassar i fylket - både på havvind, botnfast vindkraft og vindkraft – er av ulike årsaker legg vekk.

Framleis samarbeid med ulike fagmiljø og sektorstyresmakter er ei anna anbefaling. Forfattarane meiner fylkeskommunen også bør undersøke moglegheitene, til eksempel for regionvekstavtaler som er inngått med enkelte fylker.

Publisert: 23.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.10.2023 17:50

Mer om