Guleslettene innfelt erik espeset foto Zephyr Tafjord 11
VINDKRAFT PÅ LAND: Konsernsjef Erik Espeset (innfelt) i Tafjord meiner vindkraft på land må vere ein del av løysinga for å bygge ut meir kraft i regionen. Foto: Zephyr/Tafjord
Nytt

Vurderer nye plassar for vindkraft på land

Folk må tole å sjå vindmøller om regionen skal bidra med meir fornybar energi, meiner Tafjord-sjefen.

Marius Rosbach
11.02.2024

Tafjord Kraft-sjef Erik Espeset er ein uttalt tilhengar av vindkraft på land, og er ikkje redd for å delta i det offentlege ordskiftet om det omstridde temaet.

No legg kraftselskapet planar på bordet om å bygge ut vindkraft fleire plassar på Nordvestlandet.

– Om vi skal vere med å redde verda og bidra med vår del av fornybar energi, bør vi tole å sjå nokre vindmøller på litt avstand, seier Espeset til NETT NO.

Han er forundra over den store motstanden mot vindkraft.

– Vindkraft på land er den mest kostnadseffektive måten å bygge ut ny kraft på. Det krev også dei mest skånsame inngrepa i naturen. Problemet verkar i første rekke vere at den er synleg, seier Espeset oppgitt.

No har vi snudd oss rundt for å finne ut kva vi kan få til å utvikle av ny produksjon
Erik Espeset

Meiner vindkraft må vere del av løysinga
Når Tafjord-sjefen kjem til Haramskonferansen på tysdag vil bodskapen hans vere at vindkraft på land må vere ein betydeleg del av løysinga, viss regionen skal klare å produsere den krafta som trengst i framtida.

Dei siste åra har Tafjord-konsernet i hovudsak investert i å bygge ut meir nett, for å flytte kapasitet frå indre delar av landet til kysten.

– No har vi snudd oss rundt for å finne ut kva vi kan få til å utvikle av ny produksjon. Det kjem til å vere vårt fokus dei neste åra, seier han.

Espeset avviser at oppgradering av eksisterande vasskraftverk, eller andre alternativ vil monne nok.

Har henta fram NVE-rapport
For å kome vidare med ei eventuell utbygging av vindkraft, har Tafjord teke fram ei NVE-utgreiing frå 2019. Den 230 sider lange rapporten peiker på kva område som er best eigna for vindkraft her til lands.

– Det er eit godt stykke utgreiingsarbeid som bør opp frå skuffa igjen, seier Espeset.

I rapporten blir Nordfjord og Sunnmøre trekt fram som eit område med gode produksjonsforhold. Kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Volda, Vanylven, Selje – og dåverande Eid og Vågsøy – er mellom dei som er merka på kartet.

– Det viktigaste er å finne kommunar som har lyst til å vere vertskommunar for meir vindkraft, seier Tafjord-sjefen.

Også i Sunnfjord og Sogn, og grenseområda mellom Møre og Romsdal og Trøndelag, er det eigna område, meiner NVE.

Les heile rapporten (ekstern lenke)

Kart vindkraft nve 2019
GOD EIGNA: NVE meiner det merka området på søre Sunnmøre og delar av Nordfjord er godt eigna for utbygging av små og mellomstore vindkraftverk på enkelte fjell, ifølgje rapporten frå 2019. Kart: Skjermfoto temakart NVE

Vil jobbe for å etablere nye vindparkar
I Møre og Romsdal er det i dag etablert vindkraft på Smøla, Haramsøya og Sandøy i Ålesund. I tillegg er det eit kraftverk på Stadlandet.

Espeset fortel at Tafjord framover vil jobbe for å etablere fleire vindkraftanlegg i samarbeid med andre selskap.

– All utbygging må sjølvsagt skje i nær dialog med dei kommunane som ønsker ei slik utbygging, seier han.

I Vanylven er Tafjord allereie i samtale med kommunen om ei mogleg utbygging. Her er det skissert moglegheiter for ein produksjon på 0,4 terrawattimar. Det vil i tilfelle dreie seg om ein plass mellom 20 til 25 turbinar.

– Det vil vere eit solid bidrag til ny produksjon. Her jobbar vi saman med Tussa og Sogn og Fjordane Energi, og vil helde fram dialogen, seier Espeset.

Guleslettene vinter foto zephyr
BREMANGERLANDET: Tafjord-sjefen meiner Guleslettene vindpark på Bremangerlandet er eit eksempel på ei vellukka utbygging, og at landskapet er blitt revitalisert som friluftsområde. Foto: Zephyr

Større inntekter for kommunane
Tafjord-sjefen legg ikkje skjul på at han meiner det er gjort feil ved tidlegare vindkraftutbyggingar. Samtidig meiner han motstandarane overdriv dei negative konsekvensane.

– Mellom anna har kommunane fått handa på rattet i større grad. Dei har også moglegheita til å få langt betre inntekter frå vindkraft, som vil gjere det meir økonomisk interessant, seier Espeset.

Han meiner mykje av motstanden kjem av bilde frå utbyggingsperioden som viser store utsprengte områder og fyllingar.

– Det ser ikkje spesielt bra i anleggsfasen, men etterpå blir landskapet sett i stand ved at det blir lagt på jord og torva blir lagt tilbake, seier Espeset.

Han påpeiker at utbyggjarane også har interesse av å gjere inngrepet som skånsamt som mogleg, og trekk fram utbygginga på Guleslettene vindkraftverk på Bremangerlandet som eit godt eksempel.

Vindkraft Fosen Foto Eivind Salen Motvind Norge
BETYDELEGE INNGREP: For å etablere vindkraftparkar er det mellom anna behov for vegar for å transportere vindturbinane ut i terrenget. Det etterlet betydelege spor i terrenget. Foto: Eivind Salen/Motvind Norge

Har stort kraftunderskot
Erik Espeset meiner det er mogleg å bygge ut 1 terrawattimar med ny vindkraft i Møre og Romsdal. Det vil likevel ikkje vere på langt nær nok til å dekke det venta underskotet av kraft framover.

Fylket har i dag ein produksjon på kring 9 terrawattimar og eit forbruk på 14 terrawattimar. Dei neste åra er det venta at forbruket kan komme opp i heile 19 terrawattimar.

– Det er ikkje eit problem med underskot om andre regionar forsyner oss, men framover er det store planar om auka forbruk i Trøndelag, der vi får mykje av krafta frå i dag. Det vil føre til at kraftprisen der blir dyrare – og det vil også presse opp prisen i Møre og Romsdal, meiner Tafjord-sjefen.

27 av 30 større prosjekt sett på vent
Høgare straumpris kan vere ein faktor som påverkar etterspurnaden framover. Espeset trur på langt nær alle planlagde prosjekt vil bli gjennomført.

– Truleg kjem det ikkje til å bli så mykje auka forbruk, fordi prisen vil gå opp og gjer dei lite lønnsame, seier han.

Allereie er det hard kamp om å få tilgang til ny kraft. NETT NO har dei siste vekene fortald at 27 av 30 større prosjekt i Midt-Norge og nordre delar av Vestlandet er sett på vent fordi det ikkje er nok straum.

Norwegian Hydrogen er mellom dei som skal få straum til hydrogenproduksjon på Sjøholt – men i langt mindre skala enn dei ønska. Difor blir prosjektet i første omgang ei millionsatsing i staden for milliardsatsing.

– Kroken på døra for distrikts-Norge
Tafjord-sjefen forstår at planane om ny vindkraft vil møte motstand. Den siste tidas merksemd kring NRK-programmet Oppsynsmannen, har også skapt ny merksemd kring nedbygging av naturen.

– Eg meiner det er fortvilande at saka blir popularisert på den måten. Det blir framstilt som om det har vore fritt fram og at folk har teke seg til rette. Det stemmer jo ikkje, seier Espeset.

Mykje av merksemda i NRK-programmet har dreia seg om at det er lite naturskog igjen her til lands. Det er ikkje problemstillinga ved dei områda Tafjord meiner er aktuelle for vindkraft her i regionen.

– Om vi ikkje skal tillate noko inngrep i naturen, så betyr det kroken på døra for distrikts-Norge. Vi har bygd landet på å utnytte og utvikle naturressursane. Om vi skal stoppe med det, så må vi i tilfelle leve på ein heilt annleis måte enn i dag, avsluttar han.

Publisert: 11.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 11.02.2024 15:11

Mer om