Foerebels lite loennsamt med storsmolt
STORSMOLT: Førebels gir det lite gevinst å la smolten vekse lenger i kar på land før han blir sett ut i sjøen, viser ein ny rapport, her frå oppdrett i Vartdalsfjorden.
Nytt

Førebels lite lønnsamt med storsmolt

Effektane av å vente med å setje ut laksesmolten i sjøen til han er større, er førebels ikkje oppnådde, går det fram av ein fersk rapport.

18.12.2018
NPK: Med større smolt i merdane skulle laksen stå kortare tid i sjøen og dermed bli mindre eksponert og sårbar for lakselus og andre helseproblem. Men sjølv om tilveksten er god og svinnet lite dei første månadene i sjøen, går det dårlegare i den seinare fasen, går det fram av rapporten «Kostnadsdrivere i lakseoppdrett 2018.
Rapporten, som er laga av Kontali Analyse og Nofima, konkluderer med at dei ønskte effektane av å produsere større smolt enno ikkje er oppnådde.

Meir storsmolt

Mellom 10 og 15 prosent av smolten som setjast ut i Noreg i dag, er såkalla storsmolt, det vil seie smolt på 250–1.000 gram.
– Den første tida i sjøen går greitt for storsmolten Utfordringane kjem seinare med lakselus. Det betyr lusebehandlingar og svelting. Det gir igjen lågare slaktevekt, og ein får ikkje rettferdiggjort dei investeringane som er gjorde for å halde smolten lenger i kar på land, seier analytikar Anders Martinussen i Kontali Analyse til .
Generelt har smoltkostnaden auka med over 70 prosent frå 2010 til 2017, men utgjer berre litt meir av totalkostnaden, som er på rundt 10 prosent, ifølgje rapporten.
Ein fordel med å setje større smolt i sjøen er at oppdrettarane får utnytta kapasiteten betre, men så langt går det opp i opp.

Publisert: 18.12.2018 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29