Sissel Ødegård Foto Herøy Næringsforum 11
NY LEIAR: Sissel Ødegård starta som agleg leiar i Herøy Næringsforum 20. august og hadde første arbeidsdag måndag. Foto: Herøy Næringsforum
Nytt

Første dag på jobb for Sissel

Ny leiar i Herøy Næringsforum skal mellom anna ta Havlandet-satsinga inn i ny fase.

Marius Rosbach
22.08.2022

Sissel Ødegård er tilsett som dagleg leiar i Herøy Næringsforum, etter at tidlegare leiar Merethe Hjertø Flusund, startar på studier og vidareutdanning.

– Vi er trygge på at Sissel vert ein solid ressurs for å ta vidare steg og tilby næringslivet gode løysingar for synleggjering, nettverk og felles møteplassar, uttaler styreleiar Torill Myren i Herøy Næringsforum i ei pressemelding.

Sunnmørske anar
Ødegård kjem frå stillinga som marknadsansvarleg for næringseigedom i Thon Eigedom i tillegg til at ho har vore dagleg leiar i Olav Thons legat.

Ho har sunnmørske anar og flytta i sommar frå Nittedal til Nerlandsøya saman med familien sin og starta i Herøy Næringsforum frå 20. august.

Ødegård har variert bakgrunn frå fr reiseliv, administrasjon og prosjektleiing. Dei siste 15 åra har ho vore knytt til Thon-systemet, både marknads- og eigedomsarbeid.

Nytt kapittel for Havlandet

Styreleiaren i næringsforumet påpeiker at dei står framfor eit nytt kapittel med Havlandet-satsinga.

Dette var eit treårig prosjekt som tek slutt ved utløpet av 2022. Den vidare skjebnen er avhengig av kva politikarane vil gjere med selskapet Havlandet As.

Styreleiaren meiner både folk flest og reiselivsbransjen ønskjer at arbeidet med merkevara Havlandet skal halde fram.

– Herøy Næringsforum er klare for vidare arbeid i samråd med kommunen sjølv om det i første omgang naturleg nok ikkje kan bli ei like sterk satsing sidan alt arbeid både for reiseliv og næringslivet generelt no blir samla i ei stilling i næringsforumet frå nyttår, heiter det i meldinga.

Fleire arrangement i haust
For hausten står fleire arrangement og aktivitetar på programmet og Havlandet er allereie i sving på Nor-Fishing-messa i Trondheim.

I september er det klart for ei fornya Fosnavåg-konferanse og i oktober blir det frukostmøte om datasikkerheit i samarbeid med Tussa IKT.

Publisert: 22.08.2022 13:09

Sist oppdatert: 22.08.2022 13:13

Mer om