Hologram 1
OPPTAK: Peder Børresen gjer klart for opptak av Sæmund Helde, som er forteljar ved Fiskarkona i Fosnavåg sentrum. Bak følgjer reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke med. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Storsatsing på innovativ historieforteljing

- Vi ønskjer å skape meir interesse for Havlandet med ein ny og banebrytande måte å fortelje historia på.

28.04.2022

Det seier reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke etter at Havlandet saman med andre aktørar satsar ​til saman 400.000 kroner ​i kostnader og eigeninnsats på å fortelje historier frå Herøy gjennom augmented reality-hologram.

- Det einaste du treng er ein smarttelefon, og laste ned ein app frå Voice of Norway. Dette er gratis, og tilpassa for alle.

- Snakkar rett til deg
Systemet er GPS-styrt, slik at når ein nærmar seg eit punkt i terrenget, får ein hologram-scenene med historieforteljingar knytt opp den staden ein er på.

- Forteljaren snakkar rett til deg, og dreg deg inn i historia, seier Gråberg Bakke.

Du kan sjå eksempel på korleis dette fungerer her (ekstern lenke).

Kjerring Bråte og Fiskarkona
Totalt vert det denne veka spela inn ti ulike scener i Herøy.

Då NETT NO var innom, var det Sæmund Helde som spelte inn scena frå Fiskarkona i sentrum av Fosnavåg. Helde spelte ein ung gut, som var bekymra for far sin som var ute på havet i stormen, men like bekymra for mora som stod ute i kulden og speida etter liv ute på havet.

Nina Elisabeth Bøe hadde rett før spelt inn scena som Kjerring Bråte frå Herøyspelet ‘Kongens Ring’ på Herøy gard.

- Utruleg spennande. Eg har aldri vore med på noko slikt, og eg gler meg til å sjå korleis dette vil sjå ut til slutt, seier Bøe.

Herøy gard, Slippen og Mulevika
Fem scener vert spelte inn på øya Herøy.

- Her har vi scener med historeforteljing på spelplassen med utgangspunkt i vikingtida, til ein kjem fram til Klosterhagen der eldgamal tid møter gamal tid, seier Hilde Gråberg Bakke.

Ei scene er innspela på den gamle Slippen i Fosnavåg, med fokus på overgangen frå opne båtar til motorbåtar, medan tre scener er spelte inn rundt Mulevika på Nerlandsøya.

20220427 105559
HAVLANDET: Hilde Gråberg Bakke (t.v.) og Linn Therese Sævik (t.h.) saman med historieforteljarane Nina Elisabeth Bøe, her som Kjerring Bråte, og Sæmund Helde. Foto: Kjetil Haanes

Plastinnsamling
Gråberg Bakke seier at historieforteljaren blant anna lokkar tilreisande med på skattejakt på sjølve sanden i Mulevika, og held opp for brukarane både sjeldne skjel, men også eit dyr ho ikkje veit kva er.

- Deretter forsvinn ho ut, før ho dukkar opp og sorgtung kan fortelje at det ukjende dyret var ein klump med plast, og no vert alle inviterte til å rydde for plast i fjøra.

- Vi kjem til å ha ein innsamlingskontainer på parkeringsplassen.

Barn og unge
Rundt 20. mai skal det nye tilbodet vere klart for lansering. Hilde Gråberg Bakke er sikker på at det vert ein suksess.

- Dette gir brukarane ein både spennande og meir interessant kultur- og reiselivsoppleving.

- I appen er det også lenke med meir info til dei som vil vite meir, slik som opningstider for museum og anna.

Ho reknar med at spesielt barn og unge vil raskt fatte interesse.

- Ja, men dette er eit tilbod for alle som vil lære meir.

- Det kan også vere ein glimrande måte for bedrifter å marknadsføre seg sjølv på. Her er det alle mulegheiter.

Forteljaren snakkar rett til deg, og dreg deg inn i historia
Hilde Gråberg Bakke
20220427 105037
HOLOGRAM: Rundt 20. mai vil augmented reality-hologramma frå Herøy vere klare til lansering. Foto: Kjetil Haanes

Edøy Gard
Saman med prosjektleiar Eileen Gjerde ved Herøy gard og styreleiar Linn Therese Sævik i Herøyspelet, har Hilde Gråberg Bakke utvikla dei ulike historiene. Dei har hatt bistand frå Heidi Rognskog Mella, som har vore med å utvikle eit tilsvarande konsept for Edøy Gard ​på Smøla.

- Svært populært, spesielt for skuleklasser. Her kan brukaren blant anna gå heilt inn til vikingskipet, og sjå det frå alle kantar, sjølv om det eigentleg ligg under jorda, seier Rognskog Mella.

Bak satsinga står Oslo-selskapet ​Holo Cap, som hausten 2021 lanserte AR – augmented reality – i løysinga.

Ura Lyd har tatt ansvaret for lydopptaka under innspelinga.

Publisert: 28.04.2022 04:30

Sist oppdatert: 28.04.2022 04:46

Mer om