Foerste hydrogenferja vert ei ombygd ferje
HYDROGEN: Fiskerstrand Verft er i front på utvikling av hydrogendrivne ferjer, men konstruksjonssjef Kåre Nerem ved verftet trur første prosjektet vert på ei ombygd ferje, og ikkje på eit nybygg.
Nytt

Første hydrogenferja vert ei ombygd ferje

Fiskerstrand Verft ser ikkje for seg at verdas første ferje på hydrogenframdrift vert eit nybygg.

05.05.2017
- Nei, vi ser føre oss at dette vert ei ombygd ferje.
Det sa konstruksjonssjef Kåre Nerem ved Fiskerstrand Verft under ein konferanse i Oslo torsdag om maritim nullutsleppsteknologi.
Fiskerstrand Verft har som mål å vere den første som byggjer ei hydrogenferje, og leier eit stort prosjekt rundt utvikling av hydrogenteknologi til ferjer.
Saman med Brødrene Aa, Siemens, Kongsberg Maritime og Wärtsilä deler Fiskerstrand 70 millionar i utviklingsstøtte frå Forskingsrådet.
I tillegg har Fiskerstrand innleia samarbeid med Hexagon Composites rundt hydrogenlagring, sikkerheit og transport.
- Vi trur vi skal lukkast, men prosjektet er krevjande og omfattande, og vi har også innleidd samarbeid med aktørar som Sintef, DNV og fylkeskommunen, sa Nerem.

Hydrogen frå Tjeldbergodden

Han understreka spesielt behovet for å finne gode nok løysingar for å produsere, transportere og lagre hydrogen.
- Å få hydrogen i den skala vi treng, er ikkje berre enkelt.
Han sa at ei mogleg løysing var å få hydrogen frå Statoil sin produksjon frå Tjeldbergodden.
- I eit slikt prosjekt burde vi ha miljøvenleg produsert hydrogen, men kostnaden er svært høg i ei tidleg fase.

Tilbod ute i juni

Seniorrådgjevar Camilla Røhme i Statens Vegvesen opplyser at den første tilbodet på ei hydrogen-elektrisk ferje truleg er klar i juni.
Ho opplyser at det er eit krav at ferjekontrakten også skal bidra til å utvikle dei maritime næringsklyngene, men at ein vil ha same driftskrava som i dei ordinære ferjetilboda.
- For oss er det viktig at vi får sikre løysingar, slik at vi ikkje vert ramma av teknisk feil problem når ferja skal vere i drift i 2021.

Krav om 50 % hydrogendrift

Sjølv om prosjektet vert lansert som verdas første hydrogenferje, så er det samstundes eit krav at ein også skal ha batteriløysing.
- Kravet vert truleg at ferja skal kunne driftast 100 prosent på elektristet og 50 prosent på hydrogen.
Ho seier at noko av det viktige er å få til løysingar som gir god samdrift mellom hydrogen- og batteriløysinga.
- I tillegg er vi opptatt av god virkningsgrad av brenselcellene.

Ubåtar brukar hydrogen

Ålesund-baserte Hexagon Composites er verdsleiande på levering av transport- og lagringsløysingar på hydrogen.
Så langt er Hexagon store leverandørar av løysingar til bilar, trailerar og no også tog, men konsernsjef Jon Erik Engeset meiner at det ikkje bør vere eit stort problem å flytte teknologien frå land til sjø.
- Dette er vi trygg på vil la seg gjere. På ubåtar har teknologien vorte brukt i lang tid.
- Derimot er det ein del regulatoriske utfordringar når ein skal bruke hydrogen til sjøs.
Kravet vert truleg at ferja skal kunne driftast 100 prosent på elektristet og 50 prosent på hydrogen

Publisert: 05.05.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09