Sjøvær kjøp
KJØPER OG SEL: Partane frå Leinebris, O. Husby og Sjøvær-reiarlaget. Frå venstre: På bildet: Terje Sandøy, Paul Harald Leinebø, Jonny Sandøy, Ingvald-Jon Husby, Øystein Sandøy, Øyvind Uran. Foto: Privat
Nytt

Går saman om å kjøpe Sjøvær

Kjøper Måløy-reiarlag med båt og kvoter.

Marius Rosbach
06.11.2023

Reiarlaga Leinebris frå Herøy og O. Husby på Averøy går saman om å kjøpe Sjøvær Havfiske i Måløy.

Dei tek over selskapet med båt og kvoter, opplyser partane i ei pressemelding måndag.

– Vi er svært glade for at flinke fiskarar frå linefamilien tar over Sjøvær, uttalar Øystein Sandøy i familiereiarlaget frå Måløy.

Saman med syskenborna har dei dreve Sjøvær Havfiske i 60 år, men frå nyttår er det slutt.

Eit betydeleg beløp
Då tek Leinebris og O. Husby over.

– Vi tek vare på mannskapet og held fram drifta som den har vore, seier Paul Harald Leinebø i Leinebris til NETT NO.

Prisen vil han ikkje opplyse.

– Det er eit betydeleg beløp. Men vi gjer ikkje dette åleine. Det er eit samarbeidet mellom lokale eigarskap her i Herøy og på Averøya, legg han til.

Rekordomsetning i fjor
Sjøvær Havfiske har ein nær 40 meter lang linebåt bygd i 1988. Reiarlaget hadde rekordhøge inntekter i 2022.

Av omsetninga på drygt 74 millionar, fekk dei eit resultat før skatt på meir enn 12 millionar kroner.

Leinebris og O. Husby ser føre seg å hauste fordelar med innkjøp og drift, og opplyser at dei vil utvikle eit reiarlag med større fleksibilitet og eit berekraftig fiske.

Bygger i Tyrkia
I dag har Leinebris og O. Husby kvar sitt havgåande linefartø med produksjon av sjøfryst torsk, hyse, blåkveite, sei, i tillegg til lange og brosme.

Leinebris har også nytt fartøy under bygging hos Tersan-verftet i Tyrkia. Det skal leverast i 2025.

Gevinst frå fartøysal gjorde at Herøy-reiarlaget hadde Rekordresultat etter gevinst frå skipssal

Publisert: 06.11.2023 10:44

Sist oppdatert: 06.11.2023 11:19

Mer om