Jostein Sætrenes Sydvestor 2
VEKST: Sydvestor-sjef Jostein Sætrenes har fått fire nye kollegaer sidan i fjor, og er på jakt etter ein til.
Nytt

Sydvestor etablerer Oslo-kontor

Byggjer seg opp etter magre år.

09.08.2022

Tidlegare i år auka investering- og kapitalrådgivingselskapet Sydvestor staben ved hovudkontoret i Ulsteinvik til fem, då selskapet henta Carl Magnus Hegde Næss frå jobben som leiar i Ulstein Næringsforum.

I fjor var den første tilsette på Bergenskontorer på plass og no i august er Erik Bjørntvedt og Ketil Olav Kjøraas tilsett på det nyopna Oslo-kontoret.

Innan eit halvt år reknar dagleg leier Jostein Sætrenes med å ha tilsett ytterlegare ein person i Bergen.

Vekstplanar
Dåverande dagleg leiar, Frede Uldbæk, varsla i mars 2021 vekstplanane for selskapet. Målet var både geografisk spreiing og innpass i fleire marknadar.

Uldbæk har pensjonert seg og Jostein Sætrenes har teke over som dagleg leiar.

Også 2021 blei eit tøft år for selskapet, med underskot for tredje år på rad. I år har det snudd.

- Vi har positive tal for første halvår, seier Sætrenes.

Oppsving
Som investerings- og kapitalrådgivingselskap sit Sydvestor tett på kjøp-, sal- og transaksjonsaktiviteren i næringslivet.

- Spesielt dei siste ni månadane har vi sett betydeleg optimisme og auke i aktiviteten på mange område, seier Sætrenes og peikar mellom anna på olje- og gassbransjen.

Publisert: 09.08.2022 15:00

Sist oppdatert: 09.08.2022 14:41

Mer om