Kjøper ut partnarane
Volstad Maritime blir eineeigar av Grand Canyon II.
Grand Canyon er eitt av tre store konstruksjonsskip som Volstad Maritime fekk bestilt før oljeprisfallet i 2014.
Det skipseigande finansielle reiarlaget Shipsinvest i Ulsteinvik og Offshore Vessel Invest i Kristiansand blei medeigar i to av fartøya, Grand Canyon og Grand Canyon II.
I fjor selde Shipsinvest/Offshore Vessel Invest seg ut av Grand Canyon, og Volstad Maritime allierte seg med Frøy Kapital om å eige fartøyet.
Rett før påske selde Shipsinvest/Offshore Vessel Invest også sin andel på til saman 49 prosent i Grand Canyon II.
Det stadfestar både finansdirektør Eirik Syversen i Volstad Maritime og dagleg leiar Jostein Sætrenes i Shipsinvest. Partane vil ikkje opplyse kjøpesummen.
– Marknadsmessige vilkår, seier Eirik Syversen til Nett No.
– Over tid har det vore eit greit prosjekt, er Sætrenes sin kommentar.
Ny vekst
Tidlegare i år fekk Volstad Maritime seld to seismikkskip.
Etter det salet sa administrerande direktør Christoffer Syversen at offshorekrisa var eit tilbakelagt stadium for selskapet, og av dei no satsar på ny vekst.
Alle de seks fartøya i reiarlaget - fem konstruksjonsfartøy og eitt dykkerfartøy - er utleigd på lange kontraktar. Det er knapt selskap som framstår så reindyrka retta mot subsea-operasjonar. Og ratene fartøye er utleigd til gir god lønsemd, sa Christoffer Syversen til Nett No.
Grand Canyon er utleigd til oktober 2027, Grand Canyon II ut 2027, Grand Canyon III ut april 2028, med opsjon på forlenging i eitt pluss eitt år, skreiv Nett No i februar i år.
Deep Cygnus har kontrakt til mars 2027 og opsjon på eitt års forlenging av kontrakten. Volantis og Boka Topac (dykkerskipet) er utleigd ut 2024, begge med opsjon på eitt års forlenging av kontraktane.
Eitt skip igjen
Etter salet av eigarandel i Grand Canyon II har Shipsinvest att eitt fartøy, rednings- og bergingsfartøyet Havila Troll, som blir drive av Havila Shipping.
No er Shipsinvest på eitt vis attende til utgangspunktet sidan Havila Troll var den første investeringa til Shipsinvest, i 2010. Undervegs har selskapet vore medeigar i andre offshorefatøy, og i brønnbåtar.
Før oljeprisfallet i 2014 var også børsnotering under vurdering.
- For å oppnå den veksten vi ønskjer treng vi å auke kapitalbasen vår. For å oppnå det må vi tilby likviditet i aksjane og ikkje berre avkastning. Då er børsnotering den naturlege måten å gjere det på, samstundes som vi gjennom å børsnotere aksjane også får tilgang til kapital på ein heilt annan måte, sa Sætrenes til Nett No i 2013 (sjå lenke under).
Jostein Sætrenes seier Shipsinvest er ope for nye investeringar framover.
Shipsinvest har i alt 58 eigarar, ifølgje databasen proff.no. Selskapet Offshore Mercant Partners er størst, med 21,7 prosent eigarandel. Investering- og forvaltningsskapet Sydvestor i Ulsteinvik er nest størst, med 8,6 prosent og Jostein Sætrenes sitt selskap Sun Equity tredje størst med 6,5 prosent. Sætrenes er også sjef og medeigar i Sydvestor.
Publisert: 05.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 08.04.2024 18:07