Explore Geiranger Eirik Vaage foto Marius
STØRSTE EIGAR: Eirik Vaage eig 51,27 prosent av aksjane i aktivitetsparkselskapet Explore Geirnager. Han er tidlegare dagleg leiar for sportsfestivalen X2.
Nytt

Geiranger-satsing i pluss for Vaage

Aktivitetsparken i turistbygda gjekk med overskot i første driftsår.

27.07.2021

Med blant andre Hotel Union Geiranger-eigarane på laget og Eirik Vaage som primus motor og majoritetseigar, investerte Explore Geiranger omlag sju millionar kroner i ein nye aktivitetspark i Geiranger.

2020-sesongen blei den første, og sjølv om koronakrisa ifølgje årsmeldinga for 2020 gjorde starten vansklegare enn venta, kom selskapet ut med overskot.

«Skjult perle»
– Ei skjult perle sa Eirik Vaage om området langs elva i Geiranger, der aktivitetsparken er brukt både til både zip-line og klatring.

– Det er nesten ingen som har sett denne fossen og juvet, sjølv om den ligg berre nokre minutt til fots frå Hotel Union Geiranger, har det ikkje vore lagt til rette. Det var veldig kult å finne ei slik skjult perle midt i ein slik megaturistdestinasjon, sa Vaage til NETT NO før opninga i fjor.

Vaage har i fleire år vore leiar for sportsfestivalen X2 Festivalen, der han no er styreleiar.

Explore Geiranger as
Tal i mill. kroner2020
Driftsinntekt2,0
Driftsresultat0,6
Resultat før skatt0,5

Publisert: 27.07.2021 09:02

Sist oppdatert: 27.07.2021 09:06

Mer om