Oldenfjord camping Andreas Sunde Anne Mykløen Sunde foto oldenfjord camping
GODT SOMMARBESØK: Andreas Sunde og Anne Mykløen Sunde driv ein av Noregs mest populære campingplassar i Stryn. Foto: Oldevatn Camping.
Nytt

– Har aldri tidlegare opplevd slike tilstandar

I Olden står folk i kø for å sikre seg campingovernatting.

NPK
26.07.2021

(NPK): Campingplassar over heile Sør-Noreg melder om stor pågang no i fellesferien. På Oldevatn Camping i Nordfjord står folk i kø for å sikre seg ein plass på den populære campingplassen.

– Vi har aldri tidlegare opplevd slike tilstandar. Folk stiller seg i kø tidleg på morgonen for å prøve å sikre seg ein plass, seier Anne Mykløen Sunde som driv campingplassen saman med mannen Andreas Sunde.

Dei er fjerde generasjon som driv campingplassen og har ikkje noko klart svar på kvifor det no har eksplodert.

– Det skjedde noko denne veka og plutseleg verkte det som om alle ville hit til Nordfjord og Oldevatnet.

Instagram-vennleg
Olden og dei nærliggjande områda har dei siste åra vorte meir og meir populære. Den karakteristiske grønfargen på Oldevatnet er eit ynda fotoobjekt, og er ofte å sjå på sosiale medium.

– Den flotte naturen og tilgang på både vatn, fjell og isbre, er nok mykje av grunnen til at så mange vil hit, seier Mykløen Sunde, som skulle ønske at ho hadde meir plass på campinga denne hektiske sommaren.

Besøkstalet har gått jamt og trutt opp dei fem siste åra, men i år blir det garantert sett ny rekord på campingen.

Nordmenn fyller opp
Ein rask ringerunde til andre campingplassar viser den samen trenden. På Vik Camping i Sogn er dei vand med å ha 50 prosent med utanlandske gjester. I år er det berre nordmenn her, men likevel heilt fullt.

– I fjor vart eg veldig overraska over at vi klarte å fylle opp campingen, men i år har eg skjønt at nordmenn verkeleg har følgt råda om å feriere i eige land, siger eigar Gro Liljedahl.

På Lofthus Camping i Hardanger er dei òg midt inne i høgsesongen og melder om stappfull campingplass.

– Vi synest det er kjekt at folk kjem på besøk til oss og har ikkje lide nokon naud etter at utlendingane blei borte. Nordmenn vil tydelegvis også oppleve Hardanger, seier eigar Dag Helleland.

(©NPK)

Publisert: 26.07.2021 10:14

Sist oppdatert: 26.07.2021 10:20

Mer om