Bruaset bygg skjermfoto hjemmeside 11
MELDE OPPBOD: Heimesida til Bruaset Bygg er framleis oppe, men drifta er lagt ned etter at leiinga melde oppbod. Skjermfoto
Nytt

Gjeld på nær fem millionar etter byggkonkurs

Firma med ti tilsette melde oppbod.

Marius Rosbach
10.01.2023

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i Bruaset Bygg etter at leiinga melde oppbod. Byggefirmaet med adresse i Måndalen har hatt ti tilsette, som ikkje er lovleg oppsagt.

Verksemda er no innstilt, ifølgje rettspapira.

Bustyrar er Ragnhild Camilla Pedersen og første skiftesamling i saka er 27. februar. Advokaten fortel til NETT NO at ho fekk oversendt papira måndag ettermiddag, og at ho førebels ikkje har fleire opplysningar i saka.

Blei starta opp i 2010
Selskapet har opplyst at den samla gjelda er på kring 4,8 millionar kroner, går det fram av avgjerda frå tingretten i Molde. Anslått verdi i selskapet er på drygt 400.000 kroner.

Byggefirmaet har vore i bransjen i meir enn ti år, og blei starta opp i 2010. Dei har mellom anna vore leverandør til det nye studentbygget i Ålesund.

Den siste offentlege rekneskapen frå 2021, viser ei omsetning på meir enn 17 millionar kroner. Det året hadde selskapet også 14 årsverk i arbeid.

Underskot og negativ eigenkapital
Lønnsemda har likevel vore svak og rekneskapane for 2017-2021 viser eit samla underskot på drygt to millionar kroner.

I rekneskapen frå 2021 påpeiker styret at selskapet har negativ eigenkapital, men at dei har opplevd ein god trend inn i 2022. Ordrereserven såg på det tidspunktet bra ut for fjoråret, og styret meinte det var grunnlag for vidare drift.

Publisert: 10.01.2023 10:55

Sist oppdatert: 10.01.2023 11:04

Mer om