rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Fekk karantene etter konkurs

Tingretten sette foten ned etter ein av dei største konkursane på Nordvestlandet dei siste åra.

Marius Rosbach
03.01.2023

Styreleiar og dagleg leiar Radoslaw Kolodzinski i det konkursråka selskapet Etprofessional har fått karantene mot å engasjere seg i forretningsverksemd ei periode.

Avgjerda om karantenen blei teke av Møre og Romsdal tingrett mot slutten av fjoråret. Den gjeld i to år frå datoen selskapet vart slått konkurs, i oktober i 2021 – til utløpet av oktober i 2023.

Bakgrunnen for at han fekk karantene er hans rolle i bemanningsfirmaet, som utførte oppdrag som underleverandør ved fleire verft på Nordvestlandet.

Nær 60 tilsette stod utan jobb då selskapet med adresse på Larsnes gjekk konkurs i fjor haust.

Bakgrunnen for at han fekk karantene er hans rolle i bemanningsfirmaet, som utførte oppdrag som underleverandør ved fleire verft på Nordvestlandet. Nær 60 tilsette stod utan jobb då selskapet gjekk konkurs i fjor haust.

Bustyrar kritisk til fleire forhold
Etter at selskapet gjekk konkurs vart det meldt inn krav på knappe 9,2 millionar kroner som det ikkje er dekning for. Målt både etter omfanget av tapa og talet på tilsette, er konkursen mellom dei mest omfattande i regionen dei siste åra.

Allereie i sin første rapport ein månads tid etter konkursen i Etprofessional, var bustyrar Jørund Knardal kritisk til fleire forhold.

Då skreiv advokaten at det «synest som ein gjentakande konkurs, og der det framstår som selskapa kvittar seg med gjeld for deretter å drive vidare i nytt selskap».

Det framstår som selskapa kvittar seg med gjeld for deretter å drive vidare i nytt selskap
Bustyrar sin rapport

Starta opp nytt selskap
Etter konkursen i Etprofessional vart det starta opp eit nytt selskap, Bestteam, der Kolodzinski framleis er oppført som styremedlem og eigar.

Dei same personane stod óg bak eit anna selskap - D.k.s. Ship Interior - som gjekk konkurs eit drygt år i forvegen. I den saka var krava på drygt 12 millionar kroner.

Styreleiar og dagleg leiar Radoslaw Kolodzinski i Etprofessional har tidligere forklart til NETT NO at det var to heilt ulike situasjonar i dei to konkursane.

Publisert: 03.01.2023 14:30

Sist oppdatert: 03.01.2023 14:28

Mer om