Møre og Romsdal fylkeskommune vil hjelpe Geiranger innan område som samfersel, kultur, kulturarv og nærings- og samfunnsutvikling.
I tillegg vil fylkeskommunen delta aktivt i relevante samarbeidsforum framover.
Dette er forslaget frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik til møtet i fylkesutvalet tysdag.
Bakgrunnen er dei problema Geiranger og verdsarvområdet har møtt med å handtere den aukande masseturismen.
I ein epost til NETT NO skriv ho at ein lenge har sett behovet for at både vertskommunen, lokalt næringsliv og lokalsamfunnet treng ei større hjelp frå storsamfunnet til å løyse nokre av dei store utfordringane verdsarvbygda slit med knytt til både manglande infrastruktur og uløyste offentlege oppgåver som svært ofte hamnar mellom to stolar.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan vi fekk verdsarvstatusen i 2005 vore ein tydeleg medspelar til verdsarvområdet og med dette vedtaket vil dei ta eit enno sterkare koordinerande ansvar for Geiranger som verdsarvstad og nasjonalt reiselivsikon, noko vi ønskjer hjerteleg velkommen.
Ho minner om at dette initiativet frå fylkeskommunen truleg også må til for å få eit enno sterkare engasjement på plass også hjå statsparten.
- Ein verdsarvstatus forpliktar for alle forvaltningsnivå, frå lokalt, til regionalt og heilt til nasjonalt nivå, fastslår Blomvik.
Her vert det spesielt vist til parkeringsutfordringane i sentrum på toppdagane om sommaren.
"Der staden i delar av sommarsesongen slit med store kapasitetsutfordringar, så er verkelegheita på vinteren ein heilt annan grunna rasfare og vinterstengde eller manglande kommunikasjonar. Det er også ei utfordring å oppretthalde stabil busetting i bygda", skriv Brage Guttelvik, og viser til at på toppen av dette kjem spreiinga av koronaviruset som er forventa å gi eit spesielt krevjande år for reiselivsnæringa i Geiranger.
Det vert vist til at det er på gang mange ulike initiativ, og der mange aktørar er inne, men at det manglar ei felles stemme. No vil fylkeskommunen ta ein større del av ansvaret, og blant anna vere med å koordinere den statlege, regionale, kommunale og lokale innsatsen for utviklinga av Geirangersamfunnet.
Når det gjeld ferja Eidsdal - Linge, er det vedtatt opprusting av kaianlegga som skal stå ferdige i 2023, samt at det kjem inn miljøferje med større kapasitet.
I tillegg er det sett i gang bygging av ein 4,8 kilometer lang fjelltunnel på strekninga Korsmyra - Indreeide, der det er 13 skredpunkt og ofte vinterstengd veg. Dette prosjektet er kostnadsrekna til 900 millionar kroner.
Til fylkestinget i april kjem det også opp ei sak om etablering av varslingsanlegg for Grandefonna.
Brage Guttelvik viser også til fleire initiativ for å sikre at Geiranger er ei levande bygd heile året, som å kome inn under SIVA sitt næringshageprogram og eit samarbeid med Husbanken og Innovasjon Norge når det gjeld finansieringa av bustad- og bedriftsutvikling.
I tillegg vil fylkeskommunen delta aktivt i relevante samarbeidsforum framover.
Dette er forslaget frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik til møtet i fylkesutvalet tysdag.
Bakgrunnen er dei problema Geiranger og verdsarvområdet har møtt med å handtere den aukande masseturismen.
- Treng hjelp frå storsamfunnet
Dagleg leiar Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv helsar satsinga hjarteleg velkomen.I ein epost til NETT NO skriv ho at ein lenge har sett behovet for at både vertskommunen, lokalt næringsliv og lokalsamfunnet treng ei større hjelp frå storsamfunnet til å løyse nokre av dei store utfordringane verdsarvbygda slit med knytt til både manglande infrastruktur og uløyste offentlege oppgåver som svært ofte hamnar mellom to stolar.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan vi fekk verdsarvstatusen i 2005 vore ein tydeleg medspelar til verdsarvområdet og med dette vedtaket vil dei ta eit enno sterkare koordinerande ansvar for Geiranger som verdsarvstad og nasjonalt reiselivsikon, noko vi ønskjer hjerteleg velkommen.
Ho minner om at dette initiativet frå fylkeskommunen truleg også må til for å få eit enno sterkare engasjement på plass også hjå statsparten.
- Ein verdsarvstatus forpliktar for alle forvaltningsnivå, frå lokalt, til regionalt og heilt til nasjonalt nivå, fastslår Blomvik.
Store P-utfordringar
I saksutgreiinga til fylksutvalet blir det peikt på at med opptil 16.000 besøkande på toppdagane om sommaren, seier det seg sjølv at dette stiller betydeleg større krav til kommunale tenester, beredskap og infrastruktur enn størrelsen på bygda tilseier.Her vert det spesielt vist til parkeringsutfordringane i sentrum på toppdagane om sommaren.
"Der staden i delar av sommarsesongen slit med store kapasitetsutfordringar, så er verkelegheita på vinteren ein heilt annan grunna rasfare og vinterstengde eller manglande kommunikasjonar. Det er også ei utfordring å oppretthalde stabil busetting i bygda", skriv Brage Guttelvik, og viser til at på toppen av dette kjem spreiinga av koronaviruset som er forventa å gi eit spesielt krevjande år for reiselivsnæringa i Geiranger.
Det vert vist til at det er på gang mange ulike initiativ, og der mange aktørar er inne, men at det manglar ei felles stemme. No vil fylkeskommunen ta ein større del av ansvaret, og blant anna vere med å koordinere den statlege, regionale, kommunale og lokale innsatsen for utviklinga av Geirangersamfunnet.
Fleire nye tiltak
Det vert også vist til at det er sett i gang fleire tiltak for å styrke Geiranger på samferdsleområdet, som at det er forventa eit betre tilbod på ferja Geiranger - Hellesylt ved neste konsesjonsrunde i mars 2022, ei ferje som i dag berre går sju månader i året.Når det gjeld ferja Eidsdal - Linge, er det vedtatt opprusting av kaianlegga som skal stå ferdige i 2023, samt at det kjem inn miljøferje med større kapasitet.
I tillegg er det sett i gang bygging av ein 4,8 kilometer lang fjelltunnel på strekninga Korsmyra - Indreeide, der det er 13 skredpunkt og ofte vinterstengd veg. Dette prosjektet er kostnadsrekna til 900 millionar kroner.
Til fylkestinget i april kjem det også opp ei sak om etablering av varslingsanlegg for Grandefonna.
Brage Guttelvik viser også til fleire initiativ for å sikre at Geiranger er ei levande bygd heile året, som å kome inn under SIVA sitt næringshageprogram og eit samarbeid med Husbanken og Innovasjon Norge når det gjeld finansieringa av bustad- og bedriftsutvikling.
Ein verdsarvstatus forpliktar for alle forvaltningsnivå, frå lokalt, til regionalt og heilt til nasjonalt nivå
Publisert: 23.03.2020 14:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54