Vestnes fjordhotell foto Vestnes Fjordhotell
KONFERANSEKUTT: Koronaepidemien øydela konferansemarknaden i fjor, men i haust tyder bestillingane til Vestnes Fjordhotell på at marknaden er på veg tilbake: Foto: Vestnes Fjordhotell
Nytt

God start for Vestnes-hotell

Inntektene stupte då koronakrisa kom, men i år har Vestnes Fjordhotell fått ein god start.

25.06.2021

- Året er for det mesta redda, seier dagleg leiar og medeigar Jan Tore Eik i Vestnes Fjordhotell om status for 2021.

Hotellet har hatt god belegg i første halvår, takka vere høg aktivitet hos Vard. Verftskonsernet treng husrom til arbeidarar frå utlandet.

No krympar Vard-pågangen, men i det arbeidarane flyttar ut, fyller eit følgje med tilreisande til NM i islandshest hotellet, før den norske fellesferien tek til i juli.

I fjor var det fullt hus i juli. Det ligg det an til å bli også i år, og utover hausten fortel bestillingane at det omsider blir eit oppsving i konferansar og måter. Summen av alt dette er grunnen til Eik sin optimisme for 2020.

Konferansesatsing
Eitt år før koronakrisa, opna hotellet ein utvida konferanseavdeling.

Det er ein marknad selskapet satsar skal bli eit veksande tillegg til hovudmarknaden, som er utleige til folk på lengre arbeidsoppdrag, først og fremst i verftsindustrien.

Med smitteverntiltaka mot korona, måtte hotellet legge kurs- og konferanseverksemda på is. Først no ser den marknaden ut til å kome attende.

Spent på koronaeffekten
Interessa for fysiske arrangement er stor seier Eik, samstundes er han er spent på korleis erfaringane med møte på nett under pandemien påverkar kurs- og konferansenmarknaden.

Eik (30 prosent) eig hotellet saman med Svein Magne Bergslid (70 prosent).

Bortsett frå ei kort periode, har hotellet ikkje permittert tilsette - men folk som slutta vart ikkje erstatta. Det medverka til å kutte kostnadar saman med ei forenkling av drifta for å tilpasse seg smitteverntiltaka.

Vestnes Fjordhotell as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter10,317,4
Driftsresultat0,72,7
Resultat før skatt0,72,7

Publisert: 25.06.2021 06:00

Sist oppdatert: 25.06.2021 02:10

Mer om