Vard langsten hanseatic nature 11
STENGT: For augneblinken er Vard Langten-verftet stengt og arbeidarane må vente til over helga før dei kan halde fram arbeidet med ekspedisjonscruiseskipet til Hapag-Lloyd. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vard-verfta håpar å ta att det tapte

Ein av kring 500 arbeidarar på Langsten testa positivt på korona.

Marius Rosbach
14.05.2021

Vard-konsernet har dei siste vekene opplevd marerittet dei har jobba for å unngå heilt sidan koronapandemien slo til i fjor. I løpet av kort tid har to av verfta med hundrevis av arbeidarar blitt stengt som følgje av koronasmitte.

Status fredag ettermiddag var at Langsten-verftet i Tomrefjorden blir stengt til over helga, medan dei har kome godt i gong med arbeidet att på Brattvåg-verftet.

– Arbeidarane på Langsten er i karantene og vi held på med eit totrinns testprogram. Veldig mange har vorte testa, og vi ventar på desse resultata. Så blir dei testa igjen over helga, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.

Fredag kveld opplyser Vestnes kommune at ein av kring 500 arbeidarar ved verftet testa positivt.

Svara på dei siste testane vil etter planen kome 18. mai. Situasjonen gjer at framdrifta i prosjekta ved verfta blir råka.

– Det er klart at dette får konsekvensar for prosjekta. Men det blir planlagd eit løp framover for å ta igjen så mykje som mogleg av den tapte tida. Vi må sjølvsagt sjå kor langvarig dette blir, men vi har alltid som mål å levere til avtalt tid, påpeker Akselvoll.

Brattvåg-verftet blei stengt for drygt to veker sidan, men kunne opne allereie etter få dagar. Her har det vore ei gradvis gjenopning og for tida «bortimot normal aktivitet», ifølgje kommunikasjonssjefen.

(saka held fram under)

Vard brattvåg forberedelse koronatest foto vard 11
KORONATESTING: Hundrevis av arbeidarar ved Vard-verfta er dei siste vekene testa for koronasmitte. Eit team førebur koronatestar av arbeidarane ved Brattvåg-verftet i samband med utbrotet der. Foto: Vard

Ventar fleire skrog
Ved Langsten-verftet jobbar dei med å ferdigstille eit ekspedisjonscruiseskip til tyske Hapag-Lloyd Cruises, medan arbeidarane i Brattvåg er i full sving med eit 172 meter langt spesialskip til Prysmian Group.

Det neste store oppdraget ved Vard Langsten etter at arbeidet med ekspedisjonscruiseskipet er ferdig vil vere det første av tre kystvaktskip. Både ved Søviknes og Brattvåg er det venta inn nye skrog til verfta i løpet av sommaren.

Fincantieri-overskot
Det er også venta rolegare periodar, som gjer at verftskonsernet ikkje har utelukka permitteringar.

Vard-eigar Fincantieri la denne veka fram rapport for første kvartal som viste eit overskot.

Vard-verfta er delt mellom to ulike forretningsområde, som gjer det omlag uråd å lese ut av rekneskapen direkte korleis det går med dei norske verfta.

Publisert: 14.05.2021 17:05

Sist oppdatert: 14.05.2021 23:41

Mer om