- Omsetninga vaks mykje i fjor, og vil truleg vekse mykje i år også. No må vi ha fokus på å betre innteninga.
Det seier Jon Hallvard Roaldsnes i Valderøy-baserte Nordic Wildfish Sales.
Men trass i omsetningsveksten fall resultatet før skatt får 3,6 til 2,1 millionar kroner.
- Vi fekk ein del ekstra kostnader i fjor på grunn av veksten. I år ser det betre ut, seier Roaldsnes.
Dei to første har i vinter konsentrert seg om seifiske.
- Dette fisket har vore veldig bra i år, seier Roaldsnes.
- Gode prisar og eit lukrativt fiske, seier Roaldsnes.
Selskapet har også seld fisken til frysetrålaren Langenes (gamle Granit).
- Vi er av og til også med og byr i auksjonar, seier Roaldsnes.
- Vi har ein god miks, men mest går til Europa.
Selskapet har satsa stort på kvalitet og miljøvenleg fiske.
Nordic Wildfish er eit fullintegrert konsern som både står for fiskeri, foredling og sal.
Nordic Wildfish Sales er ei reint salsselskap.
Selskapet har null i langsiktig gjeld, og har 3,5 årsverk.
Det seier Jon Hallvard Roaldsnes i Valderøy-baserte Nordic Wildfish Sales.
Resultatfall
Salsselskapet omsette fisk for 272,2 millionar kroner i fjor, opp frå 194,4 millionar året før.Men trass i omsetningsveksten fall resultatet før skatt får 3,6 til 2,1 millionar kroner.
- Vi fekk ein del ekstra kostnader i fjor på grunn av veksten. I år ser det betre ut, seier Roaldsnes.
Godt seifiske
Selskapet står for alt sal av fisk frå trålarane Molnes og Roaldsnes, i tillegg til snurparen Genesis, dei tre båtane som Nordic Wildfish sjølv eig.Dei to første har i vinter konsentrert seg om seifiske.
- Dette fisket har vore veldig bra i år, seier Roaldsnes.
Lukrativ levandefangst
Genesis har derimot satsa på levandefangst av fisk, først og fremst torsk, og har leveringsavtale i Myre i Vesterålen.- Gode prisar og eit lukrativt fiske, seier Roaldsnes.
Selskapet har også seld fisken til frysetrålaren Langenes (gamle Granit).
- Vi er av og til også med og byr i auksjonar, seier Roaldsnes.
Mest til Europa
Han opplyser at fisken vert seld til Europa og Asia.- Vi har ein god miks, men mest går til Europa.
Selskapet har satsa stort på kvalitet og miljøvenleg fiske.
Nordic Wildfish er eit fullintegrert konsern som både står for fiskeri, foredling og sal.
Nordic Wildfish Sales er ei reint salsselskap.
Selskapet har null i langsiktig gjeld, og har 3,5 årsverk.
Gode prisar og eit lukrativt fiske
Publisert: 17.04.2019 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34