(NPK-NTB): Dei første fire månadane i år vart det rett nok eksportert noko mindre volum enn i same periode året før, men prisutviklinga har ført til at verdien av eksporten er 5,9 milliardar kroner høgare.
– Dette kjem av stor etterspørsel og høg pris for den norske sjømaten, kombinert med ein framleis gunstig valutasituasjon, seier kommunikasjonsdirektør Geir Håvard Hanssen i Noregs sjømatråd.
Laks er fiskearten som det blir selt desidert mest av til utlandet, heile 63,3 prosent av eksporten, mens torsk står for 12,9 prosent. Aure står for 4,5 prosent, men har auka kraftig, heile 117 prosent, dei fire første månadane i år samanlikna med same periode i 2015.
– Vi ser også sterke tal for april, med ein samla auke på 35 prosent. Noko av forklaringa på det er den tidlege påsken og dermed få raude dagar i april, samanlikna med i fjor, seier Hanssen.
Laksen åleine står for 18,2 milliardar kroner av den totale sjømateksporten på 28,8 milliardar hittil i år. (©NPK)
– Dette kjem av stor etterspørsel og høg pris for den norske sjømaten, kombinert med ein framleis gunstig valutasituasjon, seier kommunikasjonsdirektør Geir Håvard Hanssen i Noregs sjømatråd.
Opp for laks og aure
Det er laks og aure som bidreg sterkast til den kraftige eksportveksten. For laksen har snittprisen vore 56,81 kroner per kilo hittil i år, mot ein snittpris på 41,89 kroner i same periode i fjor.Laks er fiskearten som det blir selt desidert mest av til utlandet, heile 63,3 prosent av eksporten, mens torsk står for 12,9 prosent. Aure står for 4,5 prosent, men har auka kraftig, heile 117 prosent, dei fire første månadane i år samanlikna med same periode i 2015.
– Vi ser også sterke tal for april, med ein samla auke på 35 prosent. Noko av forklaringa på det er den tidlege påsken og dermed få raude dagar i april, samanlikna med i fjor, seier Hanssen.
Laksen åleine står for 18,2 milliardar kroner av den totale sjømateksporten på 28,8 milliardar hittil i år. (©NPK)
Publisert: 04.05.2016 10:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56