Tine Karin Hegdal Brungot m grafikk foto Ogne
VEKSTMARKNAD: Tømmerbilsjåfør Tine Karin Hegdal Brungot er sjølv med på å gjere skogbruket på Nordvestlandet til ei vekstnæring. Tømmerlasta bak henne er frå hennar eigen skog, som bestefaren fekk planta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Godt med arbeid i vente

I 2021 blei det hogd skog for rundt 100 millionar kroner på Nordvestlandet. Det er potensiale for ei dobling. Tømmerbilsjåfør Tine Karin Hegdal Brungot har godt med oppdrag i vente.

29.01.2022

Tømmerdrift i stor skala på Nordvestlandet er resultatet av den store skogplantinga på 50-, 60- og 70-talet. Trea som ligg som tømmer på kaia (biletet) blei planta på 50-talet på teigen til bestefar til dagens eigar, Tine Karin Hegdal Brungot.

No kan ho hauste dobbelt av bestefaren og andre bønder sine investeringar for snart 70 år sidan.

For det første får ho inntekter frå salet, for det andre sikrar hogsten at ho også har oppdrag som tømmerkøyrar.

Rundt 1400 kubikkmeter tømmer er tatt ut frå teigen hennar i løpet av desember og januar, og om tre - fire år er planen å plante på nytt, som kan haustast på ny to generasjonar fram.

Hogst Brungot Ørsta jan 2022 foto Ogne
VÅTT OG BRATT: Medan kostnaden med å ta ut tømmer på Nordvestlandet er mellom 160 og 180 kroner kubikkmeteren, er den 120-140 kroner på flatbygdene i Hedmark. Biletet er frå eit hogstfelt på Brungot i Ørsta, der både tømmerfraktmaskin (biletet) og hogstmaskin måtte bruke vinsj i tillegg til eiga kraft, for å kome seg opp og ned i det bratte terrenget. Foto: Ogne Øyehaug.

Kan meir enn doble hogsten
Stigande tømmerpris set fart på hogsten. Hegdal Brungot kan rekne med godt med arbeid som tømmerkøyrar i fleire år framover.

I Møre og Romsdal blir det årleg hogd knapt 300.000 kubikkmeter tømmer og det er potensiale for opp mot ei dobling, etter fylkesskogmeisteren si vurdering.

Nordvestlandet er berre i starten av å hauste av skogplantinga på 50-, 60- og 70-talet, seier fylkesskogmeister Åsmund Asper hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I løpet at dei 20 siste åra før skogen har nådd sin optimale storleik og kvalitet, doblar trea volumet sitt. Asper seier ein god del av skogen som har blitt hogd dei siste åra ideelt sett burde stått lenger, men framover vil ei aukande mengde skog nå optimal storleik og kan takast ut med maksimal gevinst.

Flaskehalsen er skogsbilvegar.

- Det kjem mykje volum, men det volumet kjem ikkje der det er vegar, seier Asper.

Fylkesskogmeisteren og hans stab gjorde i 2016 ei vurdering av investeringsbehovet i nye skogsvegar.

Konklusjonen blei at det må investerast 360 millionar kroner i nye skogsbilvegar for å få tømmeret ut. Framleis står det 330-340 millionar kroner att å investere før det målet er nådd, seier Asper til NETT NO.

Prisauke
I løpet av siste åra har tømmerprisen stige, om enn med ein større nedtur i 2019 og fram til sommaren 2020.

Då slo verknaden av auka etterspørsel under koronaepidemien, redusert tilførsel på grunn av barkebilleangrep i Nord-Amerika og tørke i store skogsområde i Europa inn i marknaden, og prisen steig på nytt.

Ved årsskiftet var betalinga til skogeigarane 50 prosent høgare enn i 2013, viser statistikken frå Allskog (sjå grafikk i biletet). Allskog er eit landsdekkande samvirkeforetak for skogeigarar, som både kjøper og høgg skog.

Meir hogst
I NETT NO sitt dekningsområde, Nordfjord, Sunnmøre, Rauma, Vestnes og Molde, tok skogeigarane ut tømmer for omlag 80 millionar kroner i 2020, etter NETT NO si berekning. Med dagens pris ville verdien vore omlag 90 millionar kroner.

I fjor passerte skogeigarane i NETT NO sitt område truleg 100 millionar kroner i inntekter frå skogen som blei hoggen, anslår NETT NO.

Anslaget byggjer på Allskog sine førebelse tal, som viser at hogsten på landsbasis auka med omlag 12 prosent frå 2020 til 2021, samstundes som prisen steig.

Historisk høgt
2022 ligg an til å bli enda betre for skogeigarane. Prisen for tømmer som blir hogd no i vinter ligg på eit historisk høgt nivå. "Verdien på heile tømmerstokken har auka med cirka 17 prosent og det er særleg sagtømmerprisane som er med å løfte verdiane", skriv Allskog i ein epost til NETT NO.

- Alle våre skogsentreprenørar er no i full sving. Vinteren 2022 vil vi oppnå historisk høge prisar på sagtømmeret, og vi merkar ei stor interesse frå skogeigarane. Dette er ein etterlengta situasjon for skogeigarane i vår region, som no kan sitte igjen med ein solid forteneste etter å ha skjøtta skogen i generasjonar. Prisoppgangen kjem etter mange år med kunstig lav pris på tømmer, seier salsdirektør Jostein Smemo i Allskog.

Publisert: 29.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 31.01.2022 11:15