Halvering for Aursnes Hotell
SYKKYLVEN: Godt år for Aursnes hotell i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Godt år for lite hotell

Solid resultat og utbyte for Sykkylven-hotell, trass i koronautfordringar.

31.03.2022

Aursnes Hotell i Sykkylven er eit typisk bread & breakfast-hotell, der ein del av roma også er utstyrte med kjøkkenkrok for den som vil lage mat sjølv.

Selskapet leiger og ut hytter like ved Sykkylven sentrum.

Resultathopp
Trass i koronautfordringar store deler av året, auka hotellselskapet omsetninga med knapt ein million. Resultatet før skatt auka frå 0,2 millionar kroner til 1,3 millionar (sjå tabell under).

Eigenkapitalen er på 5,8 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 6,6 millionar.

Eigar er Knut Henning Aursnes, som kan ta seg eit utbyte på 2,0 millionar etter det gode fjoråret, går det fram av årsrekneskapen.

Mange med betre lønnsemd
Trass i store utfordringar med pandemien, har mange selskap i hotellbransjen halde hovudet greitt over vatnet reint økonomisk.

Hotel Visnes i Stryn er ei anna overnattingsverksemd som nyleg leverte rekneskap for fjoråret med solid omsetningsauke og overskott.

Ei oversikt i fjor viste at hotellbransjen på Nordvestlandet også hadde betre lønnsmed i koronaåret 2020.

Aursnes Hotell
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 4 3,1
Driftsresultat 1,5 0
Resultat før skatt 1,3 0,2

Publisert: 31.03.2022 08:30

Sist oppdatert: 31.03.2022 09:14

Mer om