Julianne III foto Wikimedia Commons
NYTT LIV I NOREG: I mars neste år skal fartøyet vere forlenga med 15 meter og klart for fiske. Biletet viser fartøyet ved kai i Canada der det dreiv fiske fram til 2008. Foto: RicLaf/Wikimedia Commons
Nytt

Godøy-reiarar med fartøykjøp

Lars Harald og Bård Erik Nyvoll på Godøya investerer titals millionar i båt og ombygging.

02.05.2022

Lars Harald og Bård Erik Nyvoll eig selskapet LHN Fiskeri, som kjøper fiskebåten Unity frå det skotske selskapet Unity Fishing Company Ltd, skriv Kystmagasinet.

Båten skal byggast om frå line- til snurrevad og forlengast med 15 meter, til 52 meter. Den skal fiske torsk, hyse og sei og også snøkrabbe med teiner.

Heile investeringa er på 80 millionar kroner, ifølgje Kystmagasinet.

Bygd i 1995

Unity blei bygd av Simek Mek. Verksted i 1995. Då heitte fartøyet Julianne III og var eigd av Lunar Fishing, som dreiv fisk i Canada.

Frå 2008 til 2013 var selskapet Asbjørn Selsbane eigarane før Unity Fishing Company Ltd tok over, fram til LHM Fiskeri no kjøper fartøyet.

Planen er å ha fartøyet ferdig ombygd og klar for fiske i mars neste år, ifølgje Kystmagasinet.

LHN Fiskeri vart skipa i juli 2021. I desember 2021 var Rederiet Nyvoll Senior slått saman med LHN Fiskeri.

Publisert: 02.05.2022 09:13

Sist oppdatert: 02.05.2022 13:52

Mer om