Solveig Frøland og Fredrik Remøy
EKSFIN: Rem Offshore-direktør Fredrik Remøy åtvara Eksfin-direktør Solveig Frøland mot konsolidering, og meinte at konsolideringa innan offshore hadde vist seg å vere ein feil strategi. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Ingen sit i Oslo og bestemmer konsolidering

Eksfin-direktør Solveig Frøland avviser at konsolideringa av offshoreflåten rundt Solstad Offshore var eit Oslo-påfunn.

16.11.2021

- Det er ikkje slik at det sit personar i Oslo og bestemmer korleis dei norske offshoreselskapa skal sjå ut.

Dette sa Frøland under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Frøland er seksjonsleiar for maritim/verft i Eksfin, og jobba tidlegare som direktør for shipping, verft og offshoreprosjekt i Giek. Ho vart utfordra av Rem-direktør Fredrik Remøy, som viste til at Rem Offshore og fleire av dei mindre offshoreselskapa hadde klart seg langt betre enn giganten Solstad Offshore under offshorenedturen.

Solstad overtok blant anna tidlegare Rem Offshore og Farstad Shipping, og Giek har tidlegare vorte skulda for å ha hatt ei sentral rolle for å konsolidere næringa.

- Ingen sit i Oslo og bestemmer konsolidering, sa Frøland.

- Bør stoppe med Solstad
Fredrik Remøy meinte på sin side at Solstad-eksperimentet var ein forfeila strategi.

- Konsolideringa bør stoppe med Solstad. Slike selskap skaper ikkje meirverdi.

Olympic-direktør Stig Remøy var samd med Fredrik Remøy, og spurde Frøland om korleis Eksfin såg på mangfald og konsolidering i dag.

- Vi har ingen spesiell policy. Kvar enkelt sak vert handtert for seg.

- Men vi ser no med stor lettelse at det går betre for mange offshorselskap, og gler oss over at båtar vert nytta i andre segment, til dømes innan oppdrett og vindindustrien.

Fosnavåg Shippingklubb
FOSNAVÅG: Godt oppmøte under møtet i Fosnavåg Shippingklubb. Foto: Kjetil Haanes

Les også

Taper mot utlandet
Under møtet i Fosnavåg var mange også opptatt av situasjonen for verftsindustrien.

Fredrik Remøy viste til at verfta er navet i den maritime næringa, og etterlyste ein meir offensiv norsk verftspolitikk.

- I Tyrkia vert stålprisane subsidierte. I andre land har ein tax lease-ordningar, og norske verft taper.

Fryktar verftsdød
Per Sævik, som byggjer Havila Kystruten sine fire skip i Tyrkia, sa at Norge har sett seg i ein situasjon der ein ikkje har nok folk til å gjere dei ulike jobbane, og der utanlandske tilsette er minst like dyre som norske tilsette.

- I tillegg har land som Frankrike og Spania tax lease-ordningar som gjer verfta der konkurransedyktige utan at dei eigentleg er det.

- Om vi ikkje er villige til å sjå på ordningane for dei norske verfta vil verfta på Vestlandet fort ende som verfta rundt Oslofjorden. Dei forsvann, sa Sævik.

Om vi ikkje er villige til å sjå på ordningane for dei norske verfta vil verfta på Vestlandet fort ende som verfta rundt Oslofjorden. Dei forsvann
Per Sævik

Har fokus på situasjonen
Også Marin Teknikk-direktør Richard Gjerde var uroleg for verfta, og foreslo ei grøn tax lease-ordning, medan Stig Remøy åtvara mot at også verfta vart offer for konsolideringsiver.

Solveig Frøland forstod uroa, og sa at ein har fokus på situasjonen, utan at Eksfin er inne og diskuterer tax lease-ordningar med eigaren.

- Men vi prøver å halde oversikt over andre land sine ordningar.

Ho viste til dei låne- og garantiordningar som alt finst, men sa at ein også kunne gå lenger.

- Men at eventuelle nye ordningar vert så omfattande at dei vil redusere det generelle prisnivået for norske verft, det trur eg ikkje.

Publisert: 16.11.2021 11:53

Sist oppdatert: 16.11.2021 13:00

Mer om