Ola Honningdal Grytten Foto Ogne Øyehaug
REKNAR MED MOMSAUKE: Ola Honningdal Grytten er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskule, NHH. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Grytten spår 30 prosent moms

Staten kjem til å trenge pengane, meiner NHH-professor Ola Honningdal Grytten.

NPK
27.02.2023

NPK: Grytten (58) meiner det ikkje er usannsynleg at han i si levetid vil oppleve ein momssats på 30 prosent her i landet.

Vi merkar kanskje ikkje så mykje til momsen i det daglege, men på dei fleste varer og tenester betalar vi ein ekstraskatt på 25 prosent. Dette er pengar som går direkte inn i statskassa. Daglegvarer har i all hovudsak ein redusert sats på 15 prosent, og helse- og omsorgstenester er stort sett fritekne frå denne avgifta.

Når vi kjøper varer i butikkar får vi oppgitt prisen etter at momsen er lagt til, og då tenkjer vi ikkje så mykje over det. Men om du til dømes skal byggje hus eller hytte, då passar både byggvarefirma og handverkarar på å spesifisere kor mykje av det du skal betale som er moms.

Og då legg vi merke til det. Er kostnaden på bygget fire millionar kroner, så går ein million av dei rett inn i statskassa i form av moms. Enkelt og greitt. Sjølv om det svir ekstra i tillegg til auka pris på det meste.

Viktig for staten
Skal vi tru professor i økonomisk historie, Ola Honningdal Grytten ved Noregs handelshøgskole i Bergen, er det ingen grunn til å håpe på momsnedgang, snarare tvert imot. Momsen er ei av dei viktigaste inntektene til staten. I statsbudsjettet for 2023 har regjeringa rekna med 393 milliardar kroner i moms, eller meirverdiavgift som det offisielt heiter i dag.

Til samanlikning er det budsjettert med 408 milliardar kroner i statlege inntekter på formues- og inntektsskatt i 2023.

– Staten kjem til å få store problem med å finansiere dei framtidige pensjonane. Vi har snart like mange pensjonistar som arbeidstakarar her i landet, og staten må ha inn pengar for å finansiere dette. Det er eit enormt fiskalt behov, seier han med ettertrykk.

Fiskal er uttrykket økonomar brukar om statsfinansane.

Grytten trur også at dei graderte momssatsane er på veg bort. I dag er det lågare satsar på blant anna næringsmiddel og kultur, og ein del felt er heilt fritekne frå moms.

– Eg trur dei styrande først vil sjå på kvar dei kan hente inn meir pengar, finne nye varer og tenester dei kan leggje moms på. Og det blir truleg også aktuelt å auke satsane. Det er ikkje usannsynleg at eg skal oppleve ein moms på 30 prosent i mine levedagar, seier økonomiprofessoren.

Grytten trur likevel det vil sitje langt inne for politikarane å auke momsen på mat, fordi det vil ha ein politisk kostnad. Og med dei aukande matprisane og høge straumutgifter er det lite truleg at det vil skje noko med det første.

Styrking av offentleg sektor
Det heile starta i 1935. På den tida hadde Noreg ein svært liten offentleg sektor, men då Arbeidarpartiet kom til makta såg dei det naudsynt å styrkje sektoren. Då var det behov for nye inntekter, og dei innførte ei omsetningsavgift på éin prosent i alle ledd i omsetninga av varer og tenester.

Sverige og Storbritannia innførte omsetningsavgifter på enkeltvarer tidleg på 1900-talet, men som allmenn avgift var Noreg tidlegare ute enn dei. Faktisk blant dei første i verda, ifølgje Honningdal Grytten.

Frå 1940 auka avgifta til tre prosent, og seinare same året til ti prosent i samband med omlegging til ei avgift berre på siste leddet.

I 1947 sette Arbeidarpartiet avgifta ned til 6,25 prosent. I 1951 vart satsen sett opp til ti prosent og i 1964 til 12 prosent, ifølgje Store norske leksikon. I 1970 kom det ei skatteomlegging, og her vart omsetningsavgifta (oms) endra til meirverdiavgift (moms eller mva.).

Dei fleste land i Europa har ein momssats på mellom 20 og 25 prosent.

Motstand – men ikkje bråk
Ola Honningdal Grytten fortel at det har vore motstand mot auken, men at det aldri har ført til store demonstrasjonar eller sosial uro.

– Det var ein del motstand mot auken under krigen, men det var ikkje så enkelt å gjere motstand då. Seinare har endringane skjedd gradvis. Det var ein del protestar då satsen vart sett opp til 25 prosent for nokre år sidan, men ikkje noko alvorleg. Det ser nok slik at det som kjem gradvis, det legg ein ikkje like godt merke til som det som kjem brått, seier han.

Det var likevel ein del demonstrasjonar mot innføringa av moms i 1970. Særleg var studentane aktive i motstanden, og dei kravde blant anna kompensasjon for dei auka utgiftene momsen ville føre med seg. Men det hjelpte ikkje.

Den siste tida har det også kome krav frå blant anna fagrørsla om momskutt på straum, men regjeringa har ikkje vore til å rikke på det feltet.

Det er eit generelt høgt skattetrykk her i landet, og slår ein saman dei direkte skattane på inntekt og formue med moms og andre offentlege avgifter, kan den reelle skatteprosenten bli svært høg.

– Skattetrykket i Noreg er rundt 40 prosent av bruttonasjonalprodukt, men for mange skattytarar utgjer det langt meir. Om ein betalar 40 prosent inntektsskatt, moms, bensinavgift, vegavgift, straumavgift, kommunale avgifter og meir, kan ein kome opp i 80 prosent. Ein vanleg skattytar ligg på rundt 50 prosent, avsluttar Ola Honningdal Grytten.

Fakta om meirverdiavgifta (moms):

* Ei avgift på kjøp og sal av varer og tenester som næringsdrivande eller bedrifter krev inn frå kundane sine på vegner av staten.

* Ein indirekte skatt som er meint å treffe forbruk.

* Innført i 1970 – erstatta den gamle omsetningsavgifta.

* Utgjer normalt 25 prosent av salssummen.

* For næringsmiddel er satsen 15 prosent.

* For person transport, ferjer, kino, hotell, campingplassar, utleige av fritidsbustad og kulturtilbod er satsen 12 prosent.

* Ein del varer og tenester er fritekne for meirverdiavgift. Dette gjeld til dømes sal og utleige av fast eigedom, omsetning av helsetenester, sosiale tenester og undervisningstenester.

Publisert: 27.02.2023 09:49

Sist oppdatert: 27.02.2023 09:56