Nytt
Gunvor Ulstein: - Regjeringa forstår ikkje alvoret
Gunvor Ulstein meiner at regjeringa ikkje har forstått kor alvorleg situasjonen er for verfta, og heller ikkje forstår konsekvensane av ein kollaps.
09.06.2020
Under eit nettmøte i Maritimt Forum Nordvest tysdag, kritiserte konsernsjef Ulstein ved Ulstein Group både verftspakken på 684 millionar kroner og petroleumspakken som Stortinget vedtok mandag.
- Petroleumspakken ser ut til å vere innretta til å hjelpe dei store oljeverfta som Aker Stord og Kværner Verdal, men hjelper ikkje oss.
- Og verftspakken på 684 millionar kroner over fire år, er altfor lite. Berre vi i Ulstein-familien har siste åra brukt 1,1 milliardar kroner i omstilling.
- Eg forstår at det er viktig å ikkje bruke for mykje pengar, men akkurat i denne saka virkar det som at regjeringa ikkje forstår alvoret.
Ulstein meinte at ei opning av arbeidskorridorane gjennom Europa no var viktig for å hindre at verftstilsette frå Polen, Lithauen og andre land måtte i ti dagar karantene.
- Vi er avhengige av alle desse tilsette, men karanteneordningane kostar oss enormt med pengar.
- Samla er det snakk om mellom 400 og 900 millionar kroner, men vil ha stor positiv effekt.
Ho sa at mange av verfta no var i ein kritisk situasjon likviditetsmessig, og at dette også gjekk ut over den grøne satsinga.
- Vi har lenge vore langt framme når det gjeld grøn omstilling, men no taper vi terreng.
- Skal du få framtidig inntening, så må du investere i dag, men då må du kapital, og det blir ikkje forstått, sa Ulstein.
- Eg veit ikkje om dei er misforståing, men dei tek feil dei som trur denne pakken treff dei mindre verfta.
Ho etterlyste tiltak som i større grad ikkje berre traff oljeverfta.
- Vi treng tiltak for dei verfta som byggjer for nærskipsfarten.
Ho viste til at ordrebøkene for dei norske verfta går ned, og med det også oppdraga for Kongsberg Maritime.
- Petroleumspakken kan ikkje berre vere for å redde oljeverfta, sa ho.
Han gjekk gjennom dei ulike tiltaka som regjeringa har sett i verk for å hjelpe maritim næring, i tillegg få fart på grøn omstilling.
Ei samla maritim næring har blant anna bede om at bygginga av fem nye mineryddar til Forsvaret og to nye forskingsskip til Havforskingsinstituttet vert framskunda.
Almeland sa at regjeringa har vore i kontakt med Forsvaret for å høyre om det er muleg å framskunde bygging av nye skip etter Vanguard-klassen.
- Forsvarsdepartementet seier at det ikkje er muleg å starte opp desse prosjekta i 2020 sidan det trengst ei konseptutgreiing først. Difor ligg dette litt lenger fram i tid, sa Almeland.
Når det gjeld arbeidsinnvandring og karantene, sa han at dette er utfordringar som også gjeld andre næringar, slik at regjeringa var opptatt av å finne ordningar som femna breidt.
- I tillegg er vi her avhengige av å finne løysingar saman med andre nasjonar.
- Mange rapporterer at det er svært krevjande å gjennomføre planlagde mannskaskapsskifte, og det er i ferd med å verte ein alvorleg situasjon om bord i mange skip.
- Her bør regjeringa samarbeide tett med IMO for å få til gode løysingar internasjonalt.
Han sa seg samd med innspela frå Gunvor Ulstein og Anette Bonnevie Wollebæk, samt med konserntillitsvald Arne Otto Rogne ved Vard som meinte at det var behov for raskt å få plass 52 vekers permitteringsreglar.
- Slik situasjonen er, bør dette vere ei smal sak å bestemme.
- Petroleumspakken ser ut til å vere innretta til å hjelpe dei store oljeverfta som Aker Stord og Kværner Verdal, men hjelper ikkje oss.
- Og verftspakken på 684 millionar kroner over fire år, er altfor lite. Berre vi i Ulstein-familien har siste åra brukt 1,1 milliardar kroner i omstilling.
Dyr karanteneordning
Ho viste til at ein tilsett i verftsnæringa genererer fem eller seks tilsette utanfor, men meinte at dei leiande politikarane ikkje forstår kor viktig verft som Ulstein, Vard og Kleven er for den totale verdiskapinga.- Eg forstår at det er viktig å ikkje bruke for mykje pengar, men akkurat i denne saka virkar det som at regjeringa ikkje forstår alvoret.
Ulstein meinte at ei opning av arbeidskorridorane gjennom Europa no var viktig for å hindre at verftstilsette frå Polen, Lithauen og andre land måtte i ti dagar karantene.
- Vi er avhengige av alle desse tilsette, men karanteneordningane kostar oss enormt med pengar.
Taper grønt terreng
Ho har også slått til orde for at verfta skal kunne få forskottert framførbart underskot.- Samla er det snakk om mellom 400 og 900 millionar kroner, men vil ha stor positiv effekt.
Ho sa at mange av verfta no var i ein kritisk situasjon likviditetsmessig, og at dette også gjekk ut over den grøne satsinga.
- Vi har lenge vore langt framme når det gjeld grøn omstilling, men no taper vi terreng.
- Skal du få framtidig inntening, så må du investere i dag, men då må du kapital, og det blir ikkje forstått, sa Ulstein.
- Ikkje berre for oljeverfta
Også kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk ved Kongsberg Maritime reagerte på petroleumspakken.- Eg veit ikkje om dei er misforståing, men dei tek feil dei som trur denne pakken treff dei mindre verfta.
Ho etterlyste tiltak som i større grad ikkje berre traff oljeverfta.
- Vi treng tiltak for dei verfta som byggjer for nærskipsfarten.
Ho viste til at ordrebøkene for dei norske verfta går ned, og med det også oppdraga for Kongsberg Maritime.
- Petroleumspakken kan ikkje berre vere for å redde oljeverfta, sa ho.
Forsvaret ikkje byggjeklare no
På nettmøtet deltok også statssekretær Grunde Almeland i nærings- og fiskeridepartementet. Han hadde fått med skuffelsen frå næringa etter lanseringa av verftspakken ved Vard Langsten.Han gjekk gjennom dei ulike tiltaka som regjeringa har sett i verk for å hjelpe maritim næring, i tillegg få fart på grøn omstilling.
Ei samla maritim næring har blant anna bede om at bygginga av fem nye mineryddar til Forsvaret og to nye forskingsskip til Havforskingsinstituttet vert framskunda.
Almeland sa at regjeringa har vore i kontakt med Forsvaret for å høyre om det er muleg å framskunde bygging av nye skip etter Vanguard-klassen.
- Forsvarsdepartementet seier at det ikkje er muleg å starte opp desse prosjekta i 2020 sidan det trengst ei konseptutgreiing først. Difor ligg dette litt lenger fram i tid, sa Almeland.
- Må famne breidt
Han sa at regjeringa slit litt med å finne raske tiltak som er treffsikre nok.Når det gjeld arbeidsinnvandring og karantene, sa han at dette er utfordringar som også gjeld andre næringar, slik at regjeringa var opptatt av å finne ordningar som femna breidt.
- I tillegg er vi her avhengige av å finne løysingar saman med andre nasjonar.
Slit med mannskapsskifte
Adm. dir. Harald Solberg i Norges Rederiforbund opplyste på møtet at ei av dei store utfordringane no for hans medlemar var å få gjennomført mannskapsskifte.- Mange rapporterer at det er svært krevjande å gjennomføre planlagde mannskaskapsskifte, og det er i ferd med å verte ein alvorleg situasjon om bord i mange skip.
- Her bør regjeringa samarbeide tett med IMO for å få til gode løysingar internasjonalt.
Han sa seg samd med innspela frå Gunvor Ulstein og Anette Bonnevie Wollebæk, samt med konserntillitsvald Arne Otto Rogne ved Vard som meinte at det var behov for raskt å få plass 52 vekers permitteringsreglar.
- Slik situasjonen er, bør dette vere ei smal sak å bestemme.
Petroleumspakken ser ut til å vere innretta til å hjelpe dei store oljeverfta som Aker Stord og Kværner Verdal, men hjelper ikkje oss
Publisert: 09.06.2020 13:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58