Myklebust Verft flere fartøy MS Kong Harald Foto Myklebust Verft 11
MANGE OPPDRAG: Førre veke hadde Myklebust Verft heile seks båtar inne til ulike oppdrag. Innafor portane var det kring 600 personar inkludert alle sjøfolka. Foto: Myklebust Verft
Nytt

Myklebust har snudd trenden

Verftet styrer mot plussresultat og kryssar fingrane for at nye miljøkrav vil gi meir arbeid til norsk maritim industri.

Marius Rosbach
12.12.2022

Myklebust Verft er inne i ein hektisk sluttspurt med høg aktivitet på anlegget. Førre veke hadde Sande-verftet heile seks fartøy inne til ulike oppdrag.

– Det synest vi er veldig kjekt, ettersom desember ofte har vore ein litt stille månad her på verftet. No har vi mykje å gjere på ettermarknad, samtidig som vi har eit par store prosjekt med Sølvtrans og Hurtigruten, fortel verftsdirektør Lars Conradi Andersen til NETT NO.

Sølvtrans skal få levert sin sjette brønnbåt frå verftet i april neste år, medan Hurtigruten har inne MS Kong Harald til ei omfattande ombygging.

Vi gjekk inn i året med tøffe tap, men har klart å snu trende
Lars Conradi Andersen
Lars conradi andersen leiv sindre muren foto kjetil 11
GURSKEN: Verftsdirektør Lars Conradi Andersen og finansdirektør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft. Foto: Kjetil Haanes

– Høgt volum og mykje produksjon
No kan verftssjefen med sikkerheit også seie at tapsåret i fjor er eit tilbakelagt kapittel – og at 2022 endar med overskot.

– Vi gjekk inn i året med tøffe tap, men har klart å snu trenden og kjem til å levere positive resultat i år, seier Andersen.

Det har vore mykje merksemd kring slunke ordrebøker hos norske verft. Og Myklebust er no i same situasjon som mange verft med slunken ordrebok, og kun eitt oppdrag på nybygg.

– Vi har hatt eit år med høgt volum og mykje produksjon, og eg meiner vi skal seie oss godt nøgd med 2022 - sjølv om vi gjerne skulle sett at ordresituasjonen både hjå oss og norske verft generelt såg betre ut, seier Andersen.

Positiv til nye miljøkrav

Førre veke blei det klart at regjeringa vil innføre nye miljøkrav ved innkjøp frå det offentlege. Ei av endringane som blir føreslått, er at miljøomsyn alltid skal vektast minst 30 prosent.

Myklebust-sjefen meiner det kan vere positivt i favør av norske verft når det blir lagt ut anbod om nybygg i regi av det offentlege.

– Vi ser positivt på forslaget, men ventar å sjå om det vil få ein reell effekt for dei som satsar på miljø og berekraft, eller om det blir meir ei byråkratisk øving. Om det første er tilfelle vil det definitivt kunne slå positivt ut for norske verft, seier Myklebust.

Sidan 2017 har minst 14 verftsoppdrag frå norske styresmakter gått til utanlandske verft. Det har skapt frustrasjon i den norske verftsbransjen, som ber om at det blir lagt vekt på andre forhold enn pris når det skal kjøpast statlege skip og båtar.

Tidlegare har noko av tilbakemeldingane frå byråkratiet vore, at det er vanskeleg å finne metodar som er presise nok, og at det er stor fare for at det heile endar i «grønvasking», fortel Andersen.

Framleis aktivitet i nybyggingsmarknaden

Trass i rolegare tider på nybyggingsfronten, er det ikkje marknaden blikk stille. Myklebust-verftet starta hausten med fleire førespurnader frå kundar som ville bygge nytt innan fleire segment.

- Det var høg aktivitet ei stund. Etter kvart såg vi at investeringsstoppen innan oppdrett påverka den marknaden, seier Andersen.

Usikkerheit knytt til den generelle økonomiske situasjonen med inflasjon og høgare kostnader, slår også inn.

- Likevel har vi mykje spennande som vi jobbar med, spesielt skjer det mykje innan fartøy knytt til energimarknadene, Det håpar vi skal gi oss godt med arbeid. Eg er nøktern optimistisk, legg verftssjefen til.

Publisert: 12.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.12.2022 00:31

Mer om