Raftevold hotel montasje Gunther Dahler 11
HORNINDAL: Hotel Raftevold startar opp att 1. mai, og rundt 80 prosent av kapasiteten i sommar er allereie bestilt, fortel reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Går mot god sommar for Havila-hotella

Det vert ikkje heilårsdrift ved Hotel Raftevold i Hornindal, men sommarsesongen vert utvida.

13.04.2023

- Ja, vi opnar 1. mai, og slik det ser ut til no vil vi halde ope til september - og muleg lenger dersom aktiviteten held fram så bra som det gjer i dag.

- Vi skal strekke sesongen så langt som muleg, men det er ikkje berekraftig å halde ope heile året.

Det seier reiselivsdirektør Gunther Dahler ved Sævik-eigde Havila Hotels.

Då Havila Hotels kjøpte det ærverdige hotellet i 2018, var målet å satse på heilårsdrift og blant anna leggje til rette for båtturisme på Hornindalsvatnet. Ein eigen hotellhage vart bygt, men sidan pandemien har hotellet med restaurant vore stengt i vintersesongen, noko som har skapt ein del reaksjonar lokalt.

- Proppa går når turistsesongen startar i Geiranger. Slik er det berre. Det ser vi på årets bookingar, der det er svært bra belegg frå medio mai og utover - noko som samstemmer med planlagt opning i Geiranger.

Kan igjen planlegge normalt
I år har det strøymd på med bestillingar, og rundt 80 prosent av kapasiteten er allereie vekkbestilt i sommar.

- Vi får ein bra sommarsesong. Det er utruleg gledeleg at vi er tilbake til å kunne planlegge og drive normal og forutsigbar hotelldrift igjen, seier Dahler.

Tidlegare har det vore utfordrande å få tak i tilsette som skal jobbe frå mai til oktober. No har ein teikna kontrakt med dei tilsette ein har behov for i Hornindal.

- Dette er i stor grad folk som jobbar på vinterhotella i vintersesongen, og no søker seg til sommarhotella, som Hotel Raftevold.

Det er utruleg gledeleg at vi er tilbake til å kunne planlegge og drive normal og forutsigbar hotelldrift igjen
Gunther Dahler

Ny hotelldirektør
Dahler seier at han har knytt til seg det han karakteriserer som ein framoverlent, positiv og hardtarbeidande direktør i Danijella Safer. Ho har vore tilsett i Havila Hotels i eitt års tid, og har tidlegare jobba for Dahler i fleire år.

- Dette er ein ressurs og kapasitet vi er veldig glad for å kunne bruke ved hotellet på Grodås denne sommaren.

Dahler seier at det vert jobba med nye tilbod til hotellgjestane. I tillegg håper han å få fleire grupper med cruiseturistar til å stoppe i Hornindal.

- Her jobbar vi med spennande planar.

Nordmenn bestiller tidlegare i Geiranger
Havila Hotels eig også Hotel Geiranger og Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Gunther Dahler seier at det ser veldig bra ut for sommarsesongen ved Hotel Geiranger.

- Ja, her vert det god tilstrøyming av utanlandske gjestar, og vi ser at nordmenn er tidligere ute å bestille enn kva dei var før pandemien - noko som er gledeleg.

Har oppdaga Ørsta
Ved Hotel Ivar Aasen i Ørsta har ein tidlegare slite med få hotellgjestar om sommaren, men Dahler seier at ein har lukkast å få den utanlandske marknaden til å oppdage beliggenheita til Hotell Ivar Aasen.

- Dette er ein jobb vi starta for 4 - 5 år sidan, der vi bevisstgjorde den utaanlandske marknaden om den sentrale beliggenheita Ørsta har i forhold til alt det flotte man skal oppleve i vår region. Så her ser vi at fleire og fleire bur i fleire netter, og brukar hotellet som base for sine opplevingar i heile regionen.

Dahler seier at alt tyder på at ein i år vil vere tilbake på nivået ein var før pandemien ved dei tre hotella.

- Hittil ser det lovande ut.

Publisert: 13.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.04.2023 23:13

Mer om