Raftevold stenger doerene
GRODÅS: Havila Hotels eig Raftevold-hotellet på Grodås, i tillegg til hotell i Ørsta, Fosnavåg og Geiranger. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Raftevold-hotell kan bli flyktingebustader

Havila Hotels byr kommunen 80 sengeplassar.

22.03.2022

Havila Hotels tilbyr Volda kommune 80 sengeplassar ved Raftevold-hotellet som kan huse flyktningar, ifølgje Sunnmørsposten.

Reiselivsdirektør Günther Dahler i Havila Hotels fortel at hotellet på Grodås berre trenge nokre dagar på seg til å vere klare .

Hotellet har vore stengt i vinter, og skulle etter planen opna for turistar i mai.

- Dersom vi skal ta imot flyktningar, så må vi gjere noko med dei bestillingane vi allereie har fått inn for turistsesongen. Ein del av dei kan vi flytte til dei andre hotella våre, medan andre nok må kansellerast, fortel Dahler til avisa.

Volda kommune har fått førespurnad om å huse opptil 150 flyktningar og undersøker ulike alternativ – mellom anna fleire større lokalar i Volda sentrum, fortel kommunalsjef Per Ivar Kongshaug til avisa.

Publisert: 22.03.2022 07:44

Sist oppdatert: 22.03.2022 08:23

Mer om