Gunther Dahler Geiranger Hotel foto Ogne
REGN: Vêret la ein liten dempar på årets sommarsesong, meiner Gunther Dahler. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Er nøydde å stå saman som reisemål

Sjefen for Havila-hotella meiner regionen har sju-åtte ting som bør stå på «bucket-lista» for alle Noreg-besøkande.

Kjell Arne Steinsvik
27.09.2022

Måndag kunne NETT NO fortelje om hotellbransjen på Nordvestlandet som leverte styrka lønnsemd i fjor.

Også så langt i år ser det bra ut for mange av dei store reiselivsverksemdene.

– 2022 vert eit hyggjeleg år, og alle solemerker ser bra ut for 2023 med det som er booka, fortalde reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels til NETT NO.

– Stå saman som destinasjon
Men korleis kan bransjen saman styrke turismen i regionen? Dahler meiner han har noko av svaret.

– Vi er nøydde å stå saman som reisemål og jobbe saman på kryss og tvers av kommune- og fylkesgrenser. Slutte å berre tenkje «meg», men i staden stå saman som destinasjon, meiner Dahler.

– Tenkjer ein Sunnmøre frå ytst til inst, er det få som kan måle seg med kva vi har å tilby. Men vi er ikkje flinke nok som samla stor-destinasjon å spele kvarandre gode og nytte det. Vi må innsjå at vi er i konkurranse med veldig mange andre destinasjonar. Når ein familie sit i Frankrike og planlegg turen til Noreg, ser dei kva område dei finn – og der vert dei.

I regionen sit vi på sju-åtte ting som bør vere på ei «bucket-list» for ein besøkande til Noreg
Gunther Dahler

Dahler meiner summen av fleire attraksjonar kan tippe vektskåla i favør Sunnmøre og omeign.

– Vi vert litt blinde på kva vi sit på. I regionen sit vi på sju-åtte ting som bør vere på ei «bucket-list» for ein besøkande til Noreg. Men kven skrur det saman? Om ein sit på kvar si tue og marknadsfører seg sjølv og litt av sitt nærområde, i staden for å tenkje heile Sunnmøre.

– Vi må samle oss med det vi har og verte gode i lag. Greier vi det, vert det vanskeleg å kome utom oss. Til dømes kan reia på Trandal gje lyst nok til å velge vår region framfor Lofoten, Flåm eller andre plassar. Då kan vi behalde turistane her i området, og dei legg att pengar frå ytst til inst i ti dagar.

Tom anker skrede foto marius
GOD SESONG: Reiselivssjef i DÅS, Tom Anker Skrede, trur 2023 vert ein god sesong og håper aktørane vil samarbeide for å styrkje heile regionen som reisemål. Foto: Marius Rosbach

– Relativt bra
Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Tom Anker Skrede, har snakka med mange av aktørane i regionen. Til NETT NO seier han at det første «normalåret» etter pandemien virkar lovande.

– Mange har hatt ein bra sesong. Nokre har levert all time high i nokre av månadane. Litt på grunn av vêret vart det kanskje ikkje så mange nordmenn i juli som ein hadde håpt på, men utom det, har det gått relativt bra i sommar.

Skrede legg til at ein samla sett ikkje er tilbake på 2019-nivå enno, men at utviklinga i utanlandstrafikken til Noreg har vore positiv. Bortsett frå juli månad var det også god vekst i norske turistar.

– Korleis trur du 2023-sesongen vert?

– Med mindre noko ekstraordinært skjer, trur vi det vert ein god sesong. Vi får tilbakemeldingar frå fleire hotell som melder om good booking neste sommarhalvår, spesielt frå internasjonale gjestar.

Framsnakking
Til liks med Günter Dahler i Havila, er Skrede oppteken av at heile regionen skal fremje moglegheitene som turistmål.

Reiselivssjefen håper aktørane vil anbefale kvarandre og inngå samarbeid om pakkar til tilreisande. Turistar som vert verande lenger i området, legg naturleg att meir pengar på reiser, aktivitetar og restaurantar, fortel Skrede.

– Er aktørane flinke nok å samarbeide?

– Ein kan alltid utvikle samarbeida. Å framsnakke kvarandre er kjempeviktig. Noko vi jobbar med i utviklingsprosjekta vi køyrer, er korleis kan vi samarbeide og pakketere saman ulike produkt. Då kan turistane få fleire opplevingar på samme tur.

Publisert: 27.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.09.2022 12:18

Mer om