NTB z P Yvnn7 F Njg
UNION: Det var knytt spenning til kva nasjonalitetar som kom til Hotel Union Geiranger i sommar. Foto: Peder Skjelten / NPK
Nytt

Færre norske gjester - fekk klimaturistar frå sør

Regnvêret på Vestlandet kan ha hjelpt sommarsesongen for hotella.

NPK
12.08.2022

(NPK-Peder Skjelten) Manglande bemanning, SAS-streik og kansellerte flyavgangar og ein regnfull sommar har prega hotellnæringa på Vestlandet i sommar. Men trass i våte og kjølige dagar, kjem det fleire utanlandske turistar.

Nils Henrik Geitle er administrerande direktør i hotell- og restaurantgrupperinga De historiske. Han seier norsk reiseliv før sommaren sleit med å få inn nok bemanning til hotell- og restaurantar over heile landet.

– Det har vore etterslep på pandemien. Fleire i bransjen har slutta dei siste åra, som har gjort det vanskeleg for oss å bemanne nok.

Det blei derimot ikkje bemanning som blei det største problemet for hotella i sommar. Grå og regnfulle dagar på Vestlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg i sommar gjorde at fleire nordmenn heller vende nasen sørover.

– Det er ein klar nedgang på talet på nordmenn som har vore hos oss i år. Trass i kansellerte flyavgangar og SAS-streik tidleg i sommar, valde fleire likevel å reise utanlands. Likevel har vi ein fin vekst i internasjonale gjestar, seier Geitle.

Han fortel at så langt har hotella til De historiske 26 prosent fleire gjestar enn 2021, som var eit rekordår. Mykje av dette kjem av internasjonale gjestar.

Klimaturistar frå sørlege hetebølgjer
Hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand fortel at sommarsesongen har gått som venta på hotellet, med ein liten auke i besøkande i forhold til 2021. Likevel har det vore færre norske gjestar på hotellet i år.

– Utlendingar og nordmenn er forskjellige. Nett no ligg tåka langt nede i fjorden, men vi har gjestar som synest det er spennande. Temperaturen er relativt låg og behageleg for spanjolar og franskmenn som har hatt fleire hetebølgjer i sommar, seier Kviknes.

– Eg opplever at nordmenn følgjer nøye med på vêrmeldinga og vanlegvis bestiller ferien sin seinare enn utlendingane, for å sjå an korleis vêret blir. Om det er meldt dårleg vêr like før ferien byrjar, reiser dei heller utanlands.

NTB 4 M Wq Jl Dz Sk Y
GEIRANGER: Geiranger er for dei fleste ein sommardestinasjon. Hotel Union Geiranger jobbar likevel for å skape fleire aktivitetar på vinteren. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Asia-marknaden framleis vekke
Finn Nustad er hotellsjef ved Hotel Union Geiranger. Han seier dei har hatt ein god sommarsesong så langt i år.

Det var knytt spenning til kva nasjonalitetar som kom til å kome til hotellet i år, etter fleire år med restriksjonar for inn- og utreise som følgje av koronapandemien.

– Vi blei blant anna overraska over at amerikanarane var tilbake allereie, men vi manglar framleis turistane frå Asia. Vi såg at dei framleis har strengare restriksjonar der, slik at det ikkje blei sett opp flyruter frå Asia til Skandinavia og skjønte at den marknaden ikkje var til stades i år heller.

Dei hadde òg venta fleire nordmenn til hotellet i sommar.

– Kvifor skjedde ikkje det? Det kan vere fleire grunnar til, men eg trur vi og Kviknes Hotel har opplevd det same. Truleg har vêret påverka ein del av innanlandsturismen.

Vil ha satsing på internasjonale vinterbesøk
Geitle fortel at det blir viktig å satse på internasjonale gjestar, som kjem uansett vêr. Nokre, slik som spanjolane og franskmennene på Kviknes Hotel, kjem òg spesielt på grunn av det kjølige og våte vêret.

– Turistar frå middelhavsland og Midtausten er glade for å få kjølig vêr og regn på sommaren. Vi ser allereie tendensen til klimaturistar. Eg trur den utviklinga vil forsterke seg dei neste åra, seier Geitle.

Geitle seier den største marknaden deira er på sommaren, men at dei vil satse meir på å utvide sesongen til vinteren.

– Utanlandske turistar har i større grad oppdaga Noreg som reisemål på hausten og vinteren, ikkje minst knytt til nordlys og å besøkje stadar med snø, seier Geitle.

NTB Tx Xydsg9 Bfo
BALESTRAND: Kviknes Hotel i Balestrand ligg ideelt til ved Sognefjorden på varme sommardagar. Nærleiken til fjell og toppturar kan òg skape ein marknad på vinteren. Foto: Kviknes Hotel / Wikimedia Commons

Vinterattraksjonar i Fjord-Noreg
Hotel Union Geiranger held ope frå 1. februar til like før jul kvart år.

– Likevel er Geiranger sett på som ein sommardestinasjon, men vi jobbar for å ha aktivitetar på vinteren og skape fleire moglegheiter for dei som kjem hit. No som næringslivet òg har kome godt i gang att etter pandemien, ser vi fleire bestillingar på kurs, konferansar og julebord på hotellet i vinterhalvåret, seier Nustad.

Sigurd Kvikne seier det er ei stor utfordring å få til vintersatsinga på ein destinasjon som Balestrand, der sommaren og hausten har vore grunnlaget.

– Med ein gong snøen kjem, blir det annleis. Vi må heller leggje til rette for produkt og attraksjonar som gjer det spennande å kome hit på vinteren, seier Kvikne.

Han nemner fjell- og toppturar som nokre av moglegheitene Balestrand har for å gjere seg attraktive for gjestar i vinterhalvåret. I tillegg har Kviknes Hotel planar om å oppgradere tilbodet ved sjølve hotellet.

– Vi driv vi på med spennande prosjekt om å få flytande utebasseng til bruk heile året og ein restaurant som ligg i havskorpa ved fjorden. Vi håpar det kan føre til større aktivitet på vinteren i Balestrand.

Publisert: 12.08.2022 15:53

Sist oppdatert: 12.08.2022 15:53

Mer om