Fredrik Linge Klock foto Ogne
REKRUTTERER: Fredrik Linge Klock i EBA Møre og Romsdal er kontaktperson for Fair Play Møre og Romsdal, som no er i ferd med å rekruttere medlemer. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Går saman mot arbeidslivskriminalitet

Næringsliv, fagforeiningar og fylket etablerer Fair Play Møre og Romsdal.

29.02.2024

- Vi ønskjer å sikre eit seriøst arbeidsliv, seier dagleg leiar Fredrik Linge Klock i Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) om årsaka til etableringa av Fair Play Møre og Romsdal.

Målet er å forebygge og bekjempe arbeidslivskriminalitet, sikre ein seriøs arbeidsmarknad og like konkurransevilkår.

Det er allereie Fair Play-organisasjonar fleire stadar i Noreg. Både i Oslo og på Vestlandet er dei retta spesielt mot bygg og anlegg. I Møre og Romsdal er målet å nå ut til alle.

- Vi ønskjer ikke å låse det til bygg, men å gå ut så breitt som mogleg, seier Klock.

Starta i fjor
Intitiativet til Fair Play Møre og Romsdal blei teke våren 2023, og eit interimstyre blei vald for å førebu ei etablering.

I tillegg til Klock frå EBA har arbeidsgivar- og bransjeorganisasjonane Nelfo, Fellesforbundet, El & It-forbundet, og Møre og Romsdal fylkeskommune vore repersentert i internimstyret.

No skal det rekrutterast medlemar og støttespelarar.

- Det kjem til å gå ut ein haug med invitasjonar, seier Klock.

Oppsøkjande verksemd
Går alt etter planen blir det oppretta ei prosjektstilling i Fair Play Møre og Romsdal, der personen som blir tilsett skal drive oppsøkjande, forebyggande arbeid.

Noko av arbeidet blir og å kome med innspel til politi- og skatteetaten.

Publisert: 29.02.2024 12:48

Sist oppdatert: 29.02.2024 13:27

Mer om