Jan Christian Vestre januar 2024 nmk foto marius
ÅLESUND: Næringsminister Jan Christian Vestre besøkte Ålesund denne veka. Ap-statsråden er imponert over korleis norske bedrifter har fått fleire i jobb. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Norske bedrifter har gjort ein kjempejobb

Statsråden rosar næringslivet for jobbvekst. Kamp om arbeidskrafta gjer at fleire tenker alternativt.

Marius Rosbach
25.01.2024

Kampen om arbeidskraft har knapt vore tøffare. Seinast denne veka kom ei ny undersøking som viste at kring to av tre bedrifter slit med å få tak på folk med kompetansen dei ønsker.

Situasjonen har samtidig gjort at langt fleire som har hamna utanfor arbeidslivet, er komne i jobb.

– Norske bedrifter har gjort ein kjempejobb med å ta inn arbeidsfolk. Det er veldig bra, seier næringsminister Jan Christian Vestre til NETT NO

Han viser til at kring 130.000 fleire har kome i arbeid i løpet av dei siste to åra. Dei fleste av desse har kome i privat sektor.

Mange bedrifter har tenkt alternativt
Knappheit på arbeidskraft har vore eit utfordring både for næringslivet og det offentlege på Nordvestlandet dei siste åra.

Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal fortel at den årlege bedriftsundersøkinga i fjor viste at mange bedrifter tenkte alternativt.

– Då fekk vi stadfesta at mange tilsette personar som dei i utgangspunktet kanskje ikkje ville vurdert, seier han til NETT NO.

– Det er som er ekstra artig, er at vi høyrer ein del historier frå arbeidsgivarar som fortel at dei har fått tak på pålitelege og flinke folk, sjølv om dei kanskje trengde litt meir opplæring i starten, legg Veland til.

Stein Veland ørsta 2023 foto Ogne
FLEIRE TENKER ALTERNATIVT: Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal fortel at fleire bedrifter har tenkt alternativt i rekrutteringa i møte ein stram arbeidsmarknad. Foto: Ogne Øyehaug

Ekstra merksemd på dei unge
Nav i Møre og Romsdal har hatt ekstra merksemd på dei yngste i arbeidsmarknaden. Ved inngangen til 2022 var det 830 heilt ledige under 30 år i fylket, medan talet ved utgangen av desember 2023 hadde falle til 628.

Det betyr at kring ein av fire unge i Møre og Romsdal har gått ut av køa med arbeidssøkande sidan januar 2022.

Veland fortel at ungdomsgarantien som blei innført i fjor sommar, gjorde at dei i haust igjen styrka arbeidet mot dei under 30 år. 25 prosent av unge arbeidssøkande i fylket er no i tiltak.

Nav-sjefen trur det vil gi resultat i form av auka sysselsetting for denne gruppa framover.

– Ei ufatteleg sløsing med ressursar
Næringsminister Jan Christian Vestre påpeikar det er likevel ikkje er nokon grunn til å kvile på laurbæra. Behovet for arbeidskraft er framleis skrikande.

– Vi møter ein del folk som har hamna utanfor arbeidslivet, og gjerne vil inn igjen. Men kanskje passar dei ikkje heilt inn i ein A4-jobb, og treng meir tilrettelegging, seier Vestre.

Tala viser at det framleis er kring 100.000 personar under 30 år som verken er i utdanning eller arbeid.

– Det er menneske med heile livet framfor seg, men har forsvunne ut av arbeidslivet. Det er ei ufatteleg sløsing med ressursar, seier han.

Vil ta ned risikoen for bedriftene
Regjeringa ved arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) jobbar med å finne ut korleis det er mogleg å legge enno meir til rette for at folk kan kome i arbeid.

Til eksempel at menneske som har ulike formar for stønad, ikkje misser retten til støtte om dei jobbar nokre timar i veka.

– Det er kjempeviktig, og vi har invitert næringslivet til å sjå på lønstilskot og andre ordningar for å ta ned risikoen for bedriftene når dei tilsette folk som kanskje har nokre hull i CV-en, manglar kompetanse, eller treng litt tilrettelegging, seier Vestre.

Norge har klatra på OECD-lista
Ap-statsråden tek også utviklinga som eit teikn på at sysselsettings- og arbeidsmarknadspolitikken til regjeringa fungerer.

– Vi har no kome heilt i toppen internasjonal i talet på folk som er sysselsett, påpeiker Vestre.

Etter at Norge har vore ei sinke samanlikna med andre OECD-land, er nordmenn no oppe på 4. plass av dei europiske OECD-landa i sysselsettingsgrad.

Publisert: 25.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 25.01.2024 21:05

Mer om