Haaper aa faa landa selfangst i aar
TJØRVÅG: Havsel leverer grønlandssel til Polargodt i Tjørvåg.
Nytt

Håper å få landa selfangst i år

Polargodt-direktør Arnfinn Karlsen håper og trur at det i år vert mottak av sel i Tjørvåg.

04.02.2019
NPK - NETT NO: Nærings- og fiskeridepartementet har bestemt at selfangstnæringa får eit tilskot med ei ramme på 2,5 millionar kroner i år.
Fangstkvoten i år er på 26.000 grønlandssel i Vestisen og 7.000 grønlandssel i Austisen.
– Tilskotet skal bidra til størst mogleg del av totalkvoten blir tatt, og at selfangstnæringa skal kunne skapa størst mogleg verdiar basert på råstoff frå sel. Me foreslår også ei ny innretning for tilskotet i år, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp). Målgruppa for ordninga er reiarlag og mottak for selprodukt.

Havsel på ny tur

Etter å ha vore det einaste mottaksanlegget for sel i fleire år, vart det ikkje mottak hos Polargodt i Tjørvåg i fjor.
Arnfinn Karlsen har betre tru i år.
- Vi jobbar med eit opplegg, men ingen ting er heilt avklara.
Det er Alta-skuta Havsel som har levert fangsten i Tjørvåg.
- Havsel skal på fangsting også i år, seier Karlsen.

Tilskot til fartøy og mottak

Departementet foreslår å gi 250.000 kroner i grunntilskot til kvart fartøy som oppfyller krava. I tillegg kjem eit tilskot som blir utbetalt basert på kor mange dyr som blir fangsta. Maksimalt kan det bli utbetalt 1 millionar kroner i fangstavhengig tilskot per fartøy.
Regjeringa foreslår også eit tilskot på 250.000 kroner til selmottak. Beløpet blir delt på deltakande mottak og kor mange dyr dei kjøper.
Fangstperioden er frå 1. april til 30. juni i Vestisen og 20. mars til 1. juni i Austisen.

Publisert: 04.02.2019 14:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31