Hoegare prisar lavare produksjon
TAFJORD: Litt redusert kraftproduksjon for Tafjord i første halvår, her frå Zakrisdammen, der det har skjedd oppgraderingar.
Nytt

Høgare prisar - lavare produksjon

Sjølv om kraftprisen steig, førde redusert kraftproduksjon og eingongskostnader for overføring av fiberkundar til svekka Tafjord-resultat. 

05.12.2019
Driftsinntektene i første halvår kom opp i 804,5 millionar kroner, mot 819,0 millionar i første halvår i fjor.
Resultatet før skatt vart på 147,2 millionar kroner, ned frå 177,6 millionar kroner etter seks månader i fjor.

Overføring til Get

Dette opplyser konsernet i ei pressemelding.
Der vert det opplyst at viktigaste årsaka til reduksjonen er redusert kraftproduksjon ettersom ein har hatt revisjon på Tafjord 4, som er den største kraftstasjonen.
I tillegg har det vorte ein del eingongskostnader knytta til at ein har konvertert kundemassen til ny tenesteplattform frå Get.

Tente på Svelgen-sal

Trass i nedgang for fleire av verksemdsområda, er konsernsjef Erik Espeset fornøgd med resultatet i første halvår.
- Det har vore stor aktivitet i konsernet både med konvertering av alle fiberkundane våre over til ei ny tenesteplattform frå Get, og med ein større revisjon av vår største kraftstasjon, Tafjord 4, seier Espeset i ei pressemelding.
På den positive sida kjem gevinst ved sal av vindkraftprosjekta i Svelgen Kraft Holding AS, der Tafjord eig 34 prosent. Salet løfta resultatet med 14 millionar kroner i første halvår.
Skattekostnaden for konsernet utgjer 67 millionar kroner i første halvår, mot 92 millionar kroner for same periode i fjor. Av skattekostnadene utgjer grunnrenteskatten 40 millionar kroner.

Konservativ utbytepolitikk

Epeset viser til at i dei siste åra har Tafjord jobba kontinuerleg med kostnadseffektivisering, eit arbeid som vert vidareført.
Dette, saman med den vedtatte konservative utbytepolitikken, bidreg til å styrke konsernet si finansielle stilling.
- Vi forventar elles eit godt resultat for 2019. Etterspørselen etter fiberbasert breiband er stor, og vi har hatt ein betydeleg vekst dei siste åra.
- Vi har også godt tilsig av vatn og kraftprisane har så langt i år vore høge. Sjølv om prisane er forventa å verte noko lavere i andre halvår, ligg vi an til eit godt årsresultat, seier Espeset.

Høgare pris

Konsernet har elleve heileigde kraftverk i Norddal, Stranda og Stordal, samt tre deleigde anlegg i Rauma og Øvre Otta.
Produksjonen dei første seks månadene enda på 528 GWh mot 628 GWh i same periode i fjor.
Områdeprisen på kraft vart i gjennomsnitt 39,7 øre/kWh, mot 37,5 øre/kWh i 1. halvår 2018.
Driftsresultat for vasskraftproduksjonen vart 96 millionar kroner kroner mot 125 millionar kroner i tilsvarande periode i fjor.
Hovudaksjonær i Tafjord er Ålesund kommune med 50,1 prosent eigarskap. Dei andre eigarane er BKK med 43,1 prosent, Norddal kommune med 4,3 prosent og Ørskog kommune med 2,5 prosent.

Publisert: 05.12.2019 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38