I slutten av førre veke blei bubehandlinga etter konkursen i selskapet Invex Expert avslutta.
Det ukjente selskapet som gjekk konkurs sommaren 2017 hadde i hovudsak tilsett polske arbeidarar. Med kontoradresse i Haddal leverte selskapet tenester for installasjon av ventilasjonssystemer - mellom anna ved Kleven verft.
Store uteståande beløp hos Kleven verft var medverkande til at selskapet gjekk over ende, etter at det var kome i ein negativ spiral med små marginar og dårleg likviditet. Verftet slutta å betale, etter at selskapet opplyste at dei hadde problem med å takle forpliktingane sine.
Bustyrar skriv i sluttberetninga at det er lagt ned mye arbeid i å inndrive fordringar mot Kleven. Til saman har dette tilført buet nær 4,3 millionar kroner. Det er også selt ein rekke eigendelar som bilar og verktøy.
Til saman var det kome inn krav på 21,6 millionar kroner. Av dette blir det dekning i buet for å dekke om lag 8,5 millionar kroner. Skattekrav på om lag 8,4 millionar kroner er det ikkje funne dekning for.
For dei 551 arbeidstimane som har oppført då sluttberetninga blei skriven i slutten av november i fjor, blir det bedt om eit honorar til bustyrar på 860.000 kroner utan moms.
Buet har fått godkjent dekning for ei samla beløp på drygt åtte millionar kroner frå NAV Lønnsgaranti.
Det gjeld lønn og feriepengar til 145 tilsette. I tillegg har 50 tilsette krav på lønn som går utover perioden som blir dekka av garantifondet.
Bustyrar påpeiker at dette kan vere straffbart, men at dette er ei sak som blir følgt opp av Skatteoppkrevjaren. Det er ikkje heller føreslått konkurskarantene for leiinga i selskapet.
Det ukjente selskapet som gjekk konkurs sommaren 2017 hadde i hovudsak tilsett polske arbeidarar. Med kontoradresse i Haddal leverte selskapet tenester for installasjon av ventilasjonssystemer - mellom anna ved Kleven verft.
Millionar uteståande hos Kleven
På det meste hadde selskapet ei omsetning på meir enn 40 millionar kroner. Alle rekneskapsåra gjekk med overskott, men det hadde lite eigenkapital.Store uteståande beløp hos Kleven verft var medverkande til at selskapet gjekk over ende, etter at det var kome i ein negativ spiral med små marginar og dårleg likviditet. Verftet slutta å betale, etter at selskapet opplyste at dei hadde problem med å takle forpliktingane sine.
Bustyrar skriv i sluttberetninga at det er lagt ned mye arbeid i å inndrive fordringar mot Kleven. Til saman har dette tilført buet nær 4,3 millionar kroner. Det er også selt ein rekke eigendelar som bilar og verktøy.
Krav på 21,6 millionar
I løpet av arbeidet har bustyrar Linda Brevik hatt ein svært omfattande oppgåve mellom anna med lønnskrava mot selskapet.Til saman var det kome inn krav på 21,6 millionar kroner. Av dette blir det dekning i buet for å dekke om lag 8,5 millionar kroner. Skattekrav på om lag 8,4 millionar kroner er det ikkje funne dekning for.
For dei 551 arbeidstimane som har oppført då sluttberetninga blei skriven i slutten av november i fjor, blir det bedt om eit honorar til bustyrar på 860.000 kroner utan moms.
Meir enn åtte millionar i lønnskrav
På det meste hadde selskapet om lag 150 tilsette – men på tidspunktet for konkursen var dei 116 i arbeid. Bustyrar har summert opp heile 257 lønnsgarantisaker i kjølvatnet av konkursen.Buet har fått godkjent dekning for ei samla beløp på drygt åtte millionar kroner frå NAV Lønnsgaranti.
Det gjeld lønn og feriepengar til 145 tilsette. I tillegg har 50 tilsette krav på lønn som går utover perioden som blir dekka av garantifondet.
Sette ikkje av midlar til skattetrekk
Dei som jobba i selskapet hadde ikkje fått utbetalt lønn dei siste tre månadene. Bustyrar påpeiker at det ikkje er sett av midlar til skattetrekk den siste perioden selskapet var i drift. I følgje eit bokettersyn frå Nordre Sunnmøre kemnerkontor, dreia det seg om kring 3,5 millionar kroner.Bustyrar påpeiker at dette kan vere straffbart, men at dette er ei sak som blir følgt opp av Skatteoppkrevjaren. Det er ikkje heller føreslått konkurskarantene for leiinga i selskapet.
Publisert: 12.02.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52






