Anja Hakalle
HAKALLEGARDEN: På Hakallegarden har Aina Moldskred Krakset både eit esel og ei rekke hestar, frå små ponniar til store arbeidshestar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ser framover etter to tøffe år

I pinsa var det masse folk som besøkte dyra på Hakallegarden. Det gler Aina Moldskred Krakset.

08.06.2022

- Det er så kjekt å sjå kor glade borna er i dyra her. Det er det som gir oss motivasjon til å stå på vidare.

Saman med ektemannen Olav Krakset har ho i 14 år invitert gjester til å besøke dyra i Hakallegarden på Hakallestranda i Vanylven.

Siste to åra har drifta gått i minus, både på grunn av sjukdom og av pandemi. På det meste har Hakallegarden omsett for over 6,0 millionar kroner, I fjor stoppa det på 3,3 millionar, året før berre 2,5 millionar.

- I år er det derimot full fart igjen. Det har vore godt med folk, i alle fall når vêret har vore bra, seier Anja Moldskred Krakset.

(saka held fram etter tabellen)

Hakallegarden
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 3,37 2,57
Driftsresultat -0,02 -0,73
Resultat før skatt -0,07 -0,73

På Hakallegarden kan ein møte både geiter, sauer, hundar, ulike typer hestar, esel, alpakka, lama, papegøyer og andre fuglar.

Men det er eitt dyr som er ekstra populært.

- Det er alle kattane vi har her. No har vi 12, men det kjem snart ei ny ladning, seier Anja Moldskred Krakset.

Mange tilbod
Om ein ikkje vil vere saman med dyra, kan ein vere med på rundtur på traktor, skyte med pil og boge eller ro i dammen.

I tillegg er det tillaga for både bubilar og telt, her er badestrand og her er eigen gardsbutikk.

- Enkelte gongar kan her vere over 200 inne, men her er god plass, og det vert ikkje fullt av den grunn.

- Og faktisk er det slik at vi har ein del faste som kjem her berre i stygt vêr, for då får dei meir tid saman med dyra.

(saka held fram under)
Olav Hakalle
TRAKTORTUR: Hengaren full når Olav Krakset køyrer traktoren gjennom flokken av alpakka. Foto: Kjetil Haanes
Her går det gjerne frå null til 50 besøkande på få minutt
Aina Krakset

- Gjer vårt beste
Aina Moldskred Krakset seier at det har vore ein del utfordringar å skaffe nok hjelp til kafédrifta.

- Det er også utfordrande å ha eit godt nok tilbod heile tida, for her går det gjerne frå null til 50 besøkande på få minutt.

- Uansett gjer vi vårt beste, og så håper eg at gjestane også har litt tolmod med oss.

Selskapet Hakallegarden har ein eigenkapital på 0,2 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 1,0 millionar.

Publisert: 08.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 08.06.2022 05:06

Mer om