Tøft for besøksgard i fjor
Krisestøtte på eit par hundre tusen monna lite når Hakallegarden fekk inntektssvikt på millionar.
Rekneskapen til Hakallegarden i Vanylven viser at fjoråret blei ein nedtur.
Vanylven-bedrifta fekk kontantstøtte til faste utgifter på nærare to hundre tusen. Men dei tapte inntektene som følgje av smitteverntiltak i samband med koronapandemien, utgjorde langt meir, viser årsrapporten.
Etter at omsetninga ved besøksgarden i fleire år har svinga mellom fire-fem millionar, stoppa inntektene på knappe 2,2 millionar i fjor. Rekneskapen enda også med det største underskotet til no for firmaet (sjå tabell under)
Gode erfaringar med bookingsystem
Då NETT NO snakka med Aina Moldskred Krakset ved Hakallegarden tidlegare i år, fortalde ho at fjoråret også hadde sine oppturar.
Les også
Omsetning var betre i juli månad med færre folk innafor dørene. Dei hausta også erfaringar med nytt bookingsystem, som gjer at dei kan planlegge drifta betre.
– Det blir også kjekkare for gjestane når vi kan ta oss skikkeleg av dei, fortalde Krakset til NETT NO då.
Hakallegarden | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 2,6 | 4,1 |
Driftsresultat | -0,7 | 0 |
Res. før skatt | -0,7 | 0 |
Framleis solid eigenkapital
Eigenkapitalen i selskapet var ved utløpet av 2020 framleis på solide 6,1 millionar. Samla gjeld er kring 1,8 millionar.
Aina Moldskred Krakset driv besøk- og opplevingsgarden, saman med mannen Olav, som eig aksjane i selskapet. I fjor sysselsette familiefirmaet to årsverk.
Publisert: 20.08.2021 13:31
Sist oppdatert: 20.08.2021 13:56