Marita Lindvik Visit Nordfjord foto Ogne
NORSK: Dei siste åra ha mange nordmenn fått opp augene for Noreg som reisemål. Reiselivssjef Marita Lindvik satsar på at nordmenn vel Noreg også i år. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Satsar på nordmenn for tredje år på rad

Krigen i Ukraina har skapt meir uvisse. Det styrkar Visit Nordfjord-sjef Marita Lindvik i trua på at det er rett å satse norsk også i år.

26.04.2022

Visit Nordfjord er destinasjonselskapet for reiselivsnæringa i Nordfjord. For tredje år på rad er satsinga på den norske marknaden viktigast.

Reiselivssjef Marita Lindvik meiner marknadssituasjonen i reiselivet gradvis har betra seg og er betydeleg betre no enn i byrjinga av året. Det er også en stor andel reiselivsbedrifter som no vurderer markedssituasjonen som god, seier ho.

Men trass i stor optimisme er det og stor uvisse.

Bedriftene blir ramma av skyhøge straumprisar, aukande drivstoff- og råvareprisar og det er vanskeleg å forutsjå korleis krigen i Ukraina direkte, og indirekte vil påverke norsk reiseliv, meiner Lindvik.

Pandemien ikkje over

Lindvik minner om at koronapandemien ikkje er over på verdsbasis, og framleis har ein innverknad på i kor stor grad utanlandske turistar kan, og vil kome til Noreg.

Visit Nordfjord hadde bestemt seg for å mest på norske reisande også før krigen i Ukraina starta.

- Vi hadde tenkt nordmenn, okke som, seier Lindvik.

Høgare kostnadar går ut over privatøkonomien til mange, men Lindvik meiner konsekvensen samla sett gjer er at det blir enda meir rett å satse mest på den norske marknaden, mellom anna fordi det blir dyrare å reise til utlandet.

Knallår
For Hotel Alexandra-konsernet, den største reiselivsbedrifta i Nordfjord, har korona-åra vore svært gode.

Konsernet er den største reiselivsbedrifta i Nordfjord, og fekk ein markert auke i lønsemda frå 2019 til 2020 takka vere offentlege støtteordningar og avgiftslette, kombinert med godt besøk av norske kundar.

I fjor haust anslo Hotel Alexandrasjef- og medeigar Richard Grov at 2021-resultatet ville bli enda betre enn 2020.

Publisert: 26.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 29.04.2022 11:27

Mer om