Halsebakk hoppar paa milliardaerlista
BRØNNBÅTMILLIARDAR: Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk har auka formuen til to milliardar kroner. 
Nytt

Halsebakk hoppar på milliardærlista

Sølvtrans-direktøren er god for to milliardar kroner, men Per Sævik har høgste formuen i nordvest.

01.10.2019
341 personar i Norge kan kalle seg for milliardærar, viser bladet si årlege oversikt over dei 400 rikaste.
Totalt har dei 400 rikaste verdiar for 1.408 milliardar kroner, opp frå 1.349 milliardar kroner året før.
Aller øverst på lista kjem John Fredriksen, som er god for 114 milliardar kroner.
'Storeulv' har eit solid forsprang til Torstein Hagen i Viking Cruises med 60 milliardar i formue.
På tredje plass ligg Rema-gründer Odd Reitan med 42,4 milliardar.

Sævik på 67. plass

Ein må langt ned på milliardærlista for å finne den første busett på Nordvestlandet. Det er remøyværingen Per Sævik på 67. plass, med ein samla formue på 4,15 milliardar kroner.
Sævik må likevel finne seg i ein nedgang frå året før etter nedskrivingar i Havila Shipping og Havyard Group, medan investeringar i Fjord1 og eigedomar har trekt andre vegen.

Sunde nr. 19

Men alt på 19. plass finn ein den utflytta ålesundaren Olav Nils Sunde. Han er blant anna tungt inne i Color Line, og er oppført med ein formue med 9,5 milliardar kroner.
Også broren Karl Johan Sunde er inne på lista med ein 158. plass og 1,95 milliardar kroner i formue.
Ein annan utflytta sunnmøring, Rune Stokke, plasserer seg på 120. plass med ein formue på 2,4 milliardar.

Brønnbåt-hopp

Men det er brønnbåtfolket som gjer dei største hoppa.
Inne på topp 100 - på 99. plass - finn ein no Rostein-eigar Odd Einar Sandøy frå Harøya med 2,8 milliardar kroner.
Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk i Ålesund er ikkje mykje dårlegare med ein 149. plass og ein samla formue på 2,0 milliardar kroner, ei dobling frå året før.
Halsebakk har seld majoriteten av aksjane til oppkjøpsfondet Antin Infrastructure Partners, men sit att sjølv med rundt 15 prosent av aksjane.
I tillegg har den utflytta sandssokningen plassert ein god del midlar i Ronja Capital, og investerer no aktivt i selskap med tilknytning til Nordvestlandet.
Bak Halsebakk på ein 170. plass finn ein industribyggjaren Knut Flakk frå Ålesund med 1,8 milliardar kroner i formue.

Roksvåg toppar i Nordfjord

Største formuen i Nordfjord er det Nordfjord Kjøtt-eigar Geir Egil Roksvåg som har med 1,7 milliardar kroner. Det gir ein 183. plass i milliardærklubben.
Tidlegare Fjordlaks-eigar Anders Pedersen plasserer seg på 217. plass med 1,4 milliardar kroner, det same som Wenaas Kapital-eigar Nils Wenaas.
Bjarne Haagensen er inne på milliardærlista på ein 242. plass med 1,3 milliardar kroner i formue.
På lista finn ein også nykomarane Hans Joakim Giørtz og Inge P. Huse - begge med ein milliard kroner i formue.
Bunker Oil-eigar Jan Magnus Kleven er derimot under milliarden med sine 850 millionar kroner i formue, men han er inne blant dei 400 rikaste i Norge på ein 367. plass, på ei liste som er fullstendig dominert av menn.

Publisert: 01.10.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40